Arbeidet med uteområdet starta med at landskapsarkitekt Liv Marit Nystad kom med kreative

idear om korleis området kunne innby til meir uteliv og aktivitet. Då var det berre for elevar,

foreldre og lærarar å prioritere kva dei ville ha. I planane no ligg først og fremst å få til ein

samlingsplass som kan fungere som leirplass og uteklasserom. I tillegg skal det lagast ein jungel i

skogen med ulike aktivitetar som til dømes eit klatrenett. Taubane, rørsklie, klatrevegg og fleire disser

står også på ønskjelista. Arbeidet med dei ulike tinga skal i hovudsak gjerast på dugnad og delvis av

vaktmeister og elevar i skuletida. Først i juni har vi allereie kome eit stykke på veg, og dugnadsånda

er stigande etter kvart som fleire får eit bilete av korleis dette skal bli.