
FØREBUINGAR.
Vi har hatt om
Jugendstil. Vi starta med å sjå ein film. Den handla om bybrannen i Ålesund.
Det var spanandes. Vi fekk sjå korleis det var der før i tida. Og vi fekk vete mykje om Ålesund som vi ikkje visste. Vi såg då dei
starta med arkitekturen til den nye byen. Det var jugendstil.
Ålesund blir kalla for
jugend byen fordi då dei bygde opp byen på nytt, bygde dei berre jugendstil
hus. Jugend betyr ”ungdom” på tysk. Jugend stil er ein stilart som var moderne
på 1900 tallet. Vi finn jugendstil i heile Europa. Men det er ikkje store
jugendbyar som Ålesund.
Vi har og sett på bileter av jugendstil på internett og
teikna mønster på forskjellige hus. Det var artig.
Bydag i jugendbyen.
Torsdag 10.mai for vi
til Ålesund, for å sjå på alle jugendhusa.
Reisa
gjekk bra. Vi for med buss heile vegen. Det var kanskje litt tull, men elles
gjekk det bra. Då vi kom til byen såg vi først på mange hus. Det var artig og
sjå alle mønstra. So kom vi på ei bru. Den heitte Brosundet. Uansett korleis vi
snudde oss, såg vi berre jugendhus. Etter det skulle vi på museum. Der hadde
det vore apotek før. Det heitte svane apoteket. Her var det ei dame som viste
oss rundt i museumet. Vi for i noko dei kalla for tidsmaskina. Der var det ein
skjerm som viste ting som hadde skjedd nedover åra. Heilt til vi kom til 1904
og by brannen. Her viste dei ein film der det var folk som prata om kva som
hendte då det brann. Dei viste og frå oppbygginga av den nye byen. So
viste dei nokre bileter som hang nede som viste jobbane
tili mange som var med å bygge opp byen på nytt. So fekk vi sjå oppe der apotek
eigaren budde. Der var det tapet som hadde stått der i hundre år og ver ikkje
øydelagd enda. Etter det for vi til ein plass der vi måtte gå opp mange trapper
for å komme opp. Det var Fjellstova. Der såg vi utover øyene som var på sjøen.
Petter fortalde oss kva dei heitte. Men det hugsar eg ikkje.
Då vi kom ned igjen for
vi på Peppes Pizza. Der var det mykje god pizza. Etter det måtte vi berre
starte på reisa heim. Då vart bussen
veldig full av andre folk også…
Silje Karoline. 6
klasse.