Jugendstil 

Før vi for til Ålesund planla vi litt kva vi skulle gjere, vi teikna jugendstil- hus og såg ein film om jugendbyen Ålesund.

Ålesund er ein jugendstil by fordi det er meir jugendstil der enn nokon annan plass i verda.

 

Så for vi til Ålesund, datoen var den 10.mai 2007 vi gjekk på busen i skulekrysset, og så tok vi ferga over fjorden og gjekk på ein annan buss, så ÅLESUND HERE VI COME!!!!!!

Først for vi til Jugendstilsenteret som før blei kalla Svaneapoteket, der fekk vi fare i ei tidsmaskin som tok oss tilbake i tid til bybrannen i 1904, der fekk vi vite mykje om brannen og korleis folk levde i 1904.

Svaneapoteket blir også kalla Jugendstilsenter, det ligg ved Brosundet.

 

Då vi var ferdige der sprang vi opp alle trappetrinna på Fjellstova, der oppe hadde vi ein liten geografitime, vi måte finne namnet på alle øyene som ligg utanfor Ålesund. Då vi var ferdig på Fjellstova sprang vi ned alle trappetrinna, eg og Håkon kom først ned, når alle hadde kome ned gjekk vi på ”Peppes pizza” og åt oss gode og mette på pizza og brus.

 

 Etter det gjekk vi og kjøpte oss noko godt vi kunne kose oss med på innatturen. Vi venta ei lita stund på bussen. Når den kom gjekk vi på og ville heim, det tok ei stund å komme til Linge men vi kom fram. Nokon gjekk på ferga, men eg, Kristian og Steinar skulle på fotball kamp.

 

Markus Rønneberg 5.klasse 2007   31.Mai