Jugendstil

 

 

 

 

I mai har vi i 5-7 klasse halde på med emnet Jugendstil i Kunst & Handverk. Jugendstil er ein stilart frå Europa. Du finn jugendstil i for eksempel Ålesund, der er det mykje jugendstil på alle slags hus og butikkar. I stilen jugendstil finn du mange dyr.

 

Det første vi gjorde nor vi begynte med jugendstil var og sjå ein film frå jugendstil i Ålesund. Der fekk vi sjå mange av husa i Ålesund. Etter det leita vi etter bilete på internett av jugendstil, og velte oss ut eit bilete og teikne til. Vi teikna kvar sitt bilete av enten eit mønster av jugendstil eller eit hus. Den 10.05.07 reiste vi til Ålesund. Vi skulle sjå på nokre av husa og besøke eit museum. Vi starta med og besøke museet, der fekk vi helse på ei dame som skulle vise oss rundt. Vi reiste i ei tidsmaskin og landa midt i by brannen. Vi fekk sjå nokre små filmar og vi såg på litt reiskap folka brukte for og byggje opp igjen husa som brann ned i 1904. Alle husa var bygde av murstein fordi det kan ikkje brenne.

 

Etter vi hadde vore på museet drog vi til Fjellstua. Der kunne vi sjå utover heil jugendstil byen. Der fekk vi også lære kva øyene som log rundt oss heite. Etter vi hadde våre på Fjellstua, gjekk vi ned på  eit kjøpesenter og fekk kjøpe oss noko som vi kunne ha på bussen på vei tilbake. Etter vi hadde våre på kjøpesenteret var vi svoltne, så vi gjekk på ein pizza restaurant. Der åt alle pizza til vi vart mette. Etter pizzaen gjekk vi ned på busstasjonen og drog heim igjen ..ps: på vei tilbake koste vi oss med det vi hadde kjøpt oss på kjøpesenteret.

 

Eg synest det var ein morosam dag ! J

 

 

 

Ida Hollum Relling 6 klasse.