Full fart i skisporet

I perioden mellom vinter- og påskeferie prøver vi å utnytte det flotte skiterrenget på Lilleåsen. Idrettslaget stiller opp med trakkemaskin, og foreldra hjelper oss å køyre elevane til og frå. Onsdag 5. mars legg både barnehagen og skulen i veg for å avvikle den tradisjonelle ”Skidagen”.

Her vert det opplegg med skiorientering,  natursti, skiskyting og skileik i mange former. Vi skal sjølvsagt også grille pølser og kose oss med god drikke i solsteika - For sol har vi tinga til denne dagen- .

Dei yngste på skulen har allereie vore fleire turar opp på fjellet for å førebu seg til denne dagen. Ikkje alle er like stødige på skiene, men det hjelper heilt klart å øve. No i dag ( onsdag 27.feb ) fekk vi prøve oss i godt gamaldags snødrev. Men elevane lot seg ikkje merke mykje av det. Det var full aktivitet frå start til slutt. Bilete og litt videosnuttar frå denne siste  turen finn du under her.

 

Video