Feltrapport frå utedag ved fjøra.

 

Vi kom ned, og delte oss inn i grupper klokka 10.50.

Det fyrste vi gjorde var vêrrapport. Alle fekk like svar på vêrrapporten. Det var lettskya, vindretninga var søraust og temperaturane var 14 grader på land og 7 grader i sjøen. På fuglejakt, var resultatet litt forskjellig. Men alle fann gråmåke, hegre, tjeld og svale. Det gjekk fint og dissekere blåskjel. Alle fann alle delane som oss skulle finne.

I matpausen, klokka 12.05. grilla oss pølser og mør. Storarta måltid. J

Då vi leita etter smådyr, fann vi nokre få av dei som stod på arket, og nokre som ikkje stod der. Vi fann tangsprell som ikkje stod der.

Slik var det med tang og. Oss fann havsalat, blæretang, grisetang, tarmgrønske og noko vi ikkje heilt visste kva det var.

Og på søppelleiting, var det mykje å finne. B.l.a. metall skruar, papir, tau...

So avslutta vi dagen med å rydde opp att. Det vart ein vellyka  dag.