Feltrapport for ”tur i fjøra”                       

Tysdag 13. mai

           

Då vi kom ned delte vi oss i grupper. Det var to i kvar gruppe. Fyrst fylte vi inn verrapporten. Vi sjekka temperaturen, i lufta var det +14 grader, i sjøen på 10meter djupne var det +4 grader. Så var det fuglejakt, vi fann fem fuglar,vi fann gråmåke, tjeld, kråke, linerle og svale.  Vi opna blåskjel det var spennande. Vi fann ut kva dei forskjellige delane heitte. I matpausen grilla vi. Det vart servert mørpølse og grillpølse. Då vi var gode og mette gjekk vi på smådyrjakt. Ei anna gruppe fann ei krabbe. Vi fann tangsprell, som ikkje sto på skjemaet. Vi fann grisetang, blæretang, og sagtang. Tarmgrønske og havsalat fann vi og, men det sto ikkje på skjemaet. Vi fann 19 ting til søppelrapporten vår.

 

Bålet vårt

 

sagtang

 
Det var ein spennande tur!