Tur til Aker Yards
5-7kl
drog til Tomrefjorden fordi vi hadde eit
nysgjerrigper-prosjektet: ”Kvifor kan store båtar flyte og
ikkje små skruar”. Dette har
vi halde på med heile våren, ein time pr. veke,
og no var tida komen for å finne eit endeleg svar.
Vi
reiste med skulebussen, fergje til Linge,
Og
så køyrde vi heilt til Tomrefjorden med bil.
Trond Kjersem
Då vi kom fram fekk vi
adgangskort av vakta sånn att vi fekk kome inn og ut.
Etter det blei vi visst til eit rom av Hilde Marit F.
Fiksdal, der vi fikk sjå ein liten power-point presentasjon om forskjellige
båtar og bygging av dei.
Vi
fekk kjeks og brus. Trond Kjersem prøvde
eit eksperiment med plastilin, han forma eine biten som ein balje og ein anna
Karl Jørgen
Skovdahl
klump som ein rund ball. Den
runde ballen sank rett ned, men baljen flaut, til slutt sank den med, men det
var fordi det var eit hol i den. Det svaret vi fekk med nysgjerrigper-
prosjektet, kvifor flyt store båtar… var akkurat det same som Trond
Kjersem fann ut i det lille eksperimentet.
Etter det fekk vi omvisning i sjøhalen saman med Carl
Jørgen Skovdahl ( hovudvernombud). Der held dei på med båtbygging, Vi fekk bli
med inn i ein av båtane som var under oppbygging. den var kjempestor inni og i
styrehuset var det mange millionar av leidningar.
Etter
det fekk vi lunsj i kantina, maten der var kjempe god.
Etter
maten gjekk vi tilbake til møterommet, og vi fekk ta med oss brosjyrar,
teikneting og anna.
Hilde Marit F.
Fiksdal
Etter det gjekk vi til bilen,
men vi stoppa på Kokarsteinen og kjøpte is.
No var vi sikre på at det var oppdrift og form som var svaret på
nysgjerrigper- prosjektet.