Til elevar og
foreldre, 5.-7.klasse
Informasjon om friluftsliv og skiaktivitet
I perioden fram mot påske planlegg vi å
bruke kroppsøvingstimane måndag og onsdag til friluftsliv og skiaktivitet. Det
mest ønskelege er då å kome seg opp på fjellet der både snøforholda er betre og
sola skin lengre. For å få til dette er vi stort sett avhengige av
foreldreskyss, av anten ein stor bil, eller to vanlege personbilar. Det hadde
vore fint om de som foreldre kunne melde dykk til køyreteneste dei dagane de
har mogelegheit!
Vi kjem til å bruke desse dagane, og
timane:
|
Dag |
Klokka |
Aktivitet/stad |
|
M.
5.mars |
11.00-14.00 |
Løvoll
- Gammetur |
|
O.
7.mars |
10.30-14.00 |
Hatlestad
- skitur |
|
M.
12.mars |
12.00-14.00 |
Lilleås
– skileik –skitekn. |
|
F.
16.mars |
10.30-14.00 |
Lilleås
- skitrekket |
|
S+M
18.-19. |
Ikkje
best. |
Overnatting
Rellingsetra |
|
O.
21. mars |
Heil
dag |
Skidag
1.-7.kl. + BH |
|
M.
26.mars |
12.00-14.00 |
Lilleås
- bål og mat |
For at alle skal få ei best mogeleg oppleving
og utbytte av desse aktivitetane/turane er vi m.a. avhengige av at alle elevane
har det utstyret dei treng.
Det vil seie;
Ski
Stavar
Passelege
skisko
Fellar
eller skismurning, ev. smørefrie ski.
Ein
liten tursekk
Termos
Klede; helst ullunderklede,
skibukse + jakke, ev. heil dress, hue, vottar,
Vi har saman med elevane snakka om kva
slags klede som er lurt å ha på seg, og kva som er lurt å ha i sekken, av
ekstra klede, mat og anna utstyr. Elevane må elles vere innstilte på å vere med
å bere anna felles utstyr som vi treng.
Vi har også snakka om ein overnattingstur
til Rellingsetra, noko som dei fleste elevane hadde lyst til. Det blir då Kari
E. som blir med, og for henne passar det best søndag 18.mars til måndag
19.mars. Om det passar for elevane då, prøver vi å få til dette. Det er
sjølvsagt høve for foreldre å bli med på turane, og på overnattingsturen er det
ønskjeleg/nødvendig. Vonar på positiv respons.
Snakkast
mvh Kari
ELD Petter
M.