Omgrepet Rock’n roll
Uttrykket
rock’n roll blir oftast brukt på den
musikken som vart laga på 50-talet og starten av 60-talet. Uttrykket rock
blir brukt om det som er laga i nyare tid. Ein heilt eksakt definisjon på
omgrepet er vanskeleg å gi ettersom omgrepet i stor grad er basert på skjønn.
Historia bak
Rockemusikken
har sitt opphav i den afroamerikanske rythm and blues –musikken som var populær
i USA på 1940- og 1950-talet. Mange vil seie at rock’n roll ei god blanding av
rythm and blues, gospel, jazz og country og western.
Radio-
og discjockeyen Alan Freed populariserte uttrykket rock’n roll omkring 1952 gjennom sitt radioprogram som vart sendt
frå Cleveland i Ohio, der han spelte rythm and blues-plater. Den første store
platesuksessen innanfor stilen rock’n roll, var Bill Haley sin versjon av songen Rock around the clock frå
året 1954. Men det endelege internasjonale gjennombrotet var vel i året 1956,
då Elvis Presley vart berømt.
Musikken
Musikkstilen
likna som sagt mykje på rythm and blues musikken. Det nye var eigentleg at den
vart retta meir mot eit kvitt publikum og at den i større grad vart framført av
kvite artistar. Musikken brukte mykje dei same akkordane og skalaane som
bluesen, men hadde høgare tempo og eit
meir humørfylt uttrykk.
I
tillegg til ein rytmeseksjon med trommer og bass, blir gitar/elektrisk gitar
oftast brukt som hovudinstrument. Saksofon og piano blir også hyppig brukt i
musikken. Typisk er at instrumenta spelar stakkato og rytmebasert, og at den er
bygd opp rundt riff, eller repeterande frasar.Dei vanlegaste taktartene er 4/4
eller 8/8, men også 12/8 er i hyppig bruk.
Over
musikken ligg som regel ei hovudsangstemme som nokre gongar er supplert med
koring. Både songmelodiar og tekstliner består av såkalla riffs.
Eit
anna viktig særtrekk er at afroamerikanske vokalteknikkar som screaming,
moaning, groaning og melisma vart aksepterte og hyppig brukte vokale
uttrykksformer også blant kvite artistar.
Tekstane
Tekstane
kretsar i mange tilfelle rundt kjærleik og seksuelt begjær. I tråd med at
musikken vart framført av unge amerikanske menn, var truleg kjærleik, beundring
og begjær retta mot jenter og bilar det tema som var hyppigast brukt i tekstane.
Sidan midten av 60-talet har tekstane i tillegg ofte fått ein politisk bodskap.
Musikken signaliserer ofte godt humør, og ein invitasjon til fest og dans.