
Bruce Springsteen lever I New York.
Han blei født 23.september 1949 i Freehold. Han
hadde ikkje ein spesielt musikalsk familie. Men då han såg ”The Beatles” på
”The Ed Sullivan show”, visste han kva han skulle bli. Familien, spesielt faren, likte ikkje prate om
musikken. Bruce sa det sjølv frå scena; ”In my house it was two things that was
unpopular, one was me, the other was my guitar”. Springsteen
skildrer sjølv oppveksten best I introen til “The
River” ( frå ”Live 1975-
Karrieren hans starta i bandet The Castilles”, som
spelte inn ein singel. Trommeslagaren i bandet døde i Vietnam, og da blei
bandet oppløyst. Bruce fortsette i eit band med namnet ”Steel Mill”. Bandet
blei veldig populært på austkysten. Dei spelte ein slags tung bluesrock. Det
var på den tida han begynte å samarbeide med Steve Van Zandt, ein person som
seinare skulle bli viktig, både som samarbeidspartnar og venn.
I 1972 danna han E-street Band. Og i 1973 kom
debuten” Greeting from Asbury park n.j.” som selde kun 25000 eksemplar.
Allereie 9
månader seinare i November kom ”The wild, the innocent and the E-street
shuffle” som gav eit klarare inntrykk av kva som skulle komme, men den levde på
ingen måte opp til konsertane, som er hans varemerke. Denne plata selde likevel
ikkje meir enn forgjengaren. I 1975 kom hans 3. album” Born To Run” som blei et
gjennombrot. Men det skulle drøye heilt til 1978 før neste plate ”Darkness On
The Edge Of Town” kom ut. Og det var her
The E-street Band for første gong kom til sin rett i studio. Dette var
også første plata der Steve Van Zandt blei involvert, og på neste plate, den
doble ”The river” som kom i 1980, var han ein av teamet som skulde gjenskape
det unike soundet bandet hadde når dei spelte live. Det var med ”The river” at
Springsteen verkelig fekk sitt internasjonale gjennombrot. I 1982 gav han ut
”Nebraska”, ei samling nedstrippa songar spelt inn på ein opptakar heime på
sove rommet.
I 1984 kom
albumet ”Born in the USA” som blei ei av verdens mest kjøpte rockeplate, og
gjorde Springsteen til verkeleg superstjerne. Supersuksessen ble følgt opp med
boksen ”live 1975-
Hausten 1998
begynte rykta å gå om at Springsteen hadde gjenforent The E-street Band, og
våren 1999 reiste han på ein turne som begynte i Spania i april og endte i oslo
27 juni. I 2002 ga han ut albumet ”The
Rising” som omhandlar mykje av angrepet på The world Trade Center. I 2005 kom
albumet ”Devils & dust” som er ei melankolsk plate. Og i 2006 gav han ut
plata ”We shall overcome” som er laga av gamle tekstar og melodiar skrevet av
Pete Seeger. Bruce Springsteen har vore i Noreg
1981, 1988, 1993, 1995, 1999, 2003 og to gongar i 2006.
Medlemar
i E street band.
Garry.w. Tallent
bass 1972-
Danny Federici
Orgel 1972-
Vini Lopez Trommer
1972-75
Clarence Clemons
Saksofon 1972-
David Sancious
Keyboard 1972-75
Ernst
Carter Trommer 1974-75
Max
Weinberg Trommer 1975-
Roy
Bittan Keyboard 1975-
Steve
Van Zandt Gitar 1975-83,1999
Nils
Lofgren 1984-
Patti
Scialfa Gitar, Vokal 1984-