
Mitt rocke band!!
Hausten
1980, ein kveld på studentkroa i Porsekjellaren i Volda, møtast to kjekke kara som
så vidt kjende kvarandre frå før. Dei var på den tida studentar å busette i
Volda og begge hadde kjennskap til at den andre var spelemann ."Vi må
starte band", vart dei raskt einige om. Dissa to var Arve Åheim frå Selje og Kyrre
Grimstad frå Ørsta. Kyrre kjende ein trommeslager,
Ivar Bjarne Hovden, som straks sa seg viljug til å vere med.
Ivar Bjarne på si side kjende ein gitarist, Kjell Rune Klubbenes. Slik vart
det at den første øvinga kunne ta til. Det var på førjulsvinteren 1980, i gamle
musikkbrakka ved lærarskulen i Volda. Den aller første melodien som vart øvd
inn var "Dead Flowers" av Jagger/Richards. På denne øvinga hadde
Sunnmøre Baarelag også sin aller første tilhøyrar. Det var Erik Stephansen,
kjend frå m.a. TV2.
Sunnmøre
Baarelag levde ut rockemyten rundt om på vestlandet i dei gode gamle 80-åra. Bandet
opererte dei første åra i Volda. I 1982 vart det laga eit opptak frå ei øving. Dette
gav Arve til Åge Aleksandersen på ein dans på Selje. Dermed var neste kapittel
i gang.
I
1987 etter nokre år i bandet, takka Ivar Bjarne for seg og flytta til Oslo
Baarelagets
musikkstil er innanfor folkerock . Dei er trufaste not sin eigen stil. Det
siste plata Knall er det mange variasjonar: vakre balladar, luftige rockelåtar,
Beatles assosiasjonar, rå rock og Country.
Åge
Aleksandersen har betydd mykje for Baarelaget. Han likte det han fekk høyre, og
etterkvart vart det klart for innspelinga av singelen Blide Mannj på
plateselskapet På Norsk. Turen gjekk til Nidaros studio i Trondheim. På denne
innspelinga var Totto Nilsen med på munnspel. Han og bandet innleidde dermed
det som skulle bli eit nært samarbeid, heilt til i dag. Arve Åheim slutta, Arne
Moe byrja og bandet fekk jobb på Stiklestad, "Dialæktråkkfestivalen
1983".
Baarelaget
her spelt inn 3 CDar. Innhaldet i tekstene er mest om kvardagslivet og slike
ting. Baarelaget er mest kjend i fylket vårt (Møre og Romsdal). Bandet er ikkje så kjent no lenger. Men når
dei skal gi ut ei samleplate etter jul , kan det hende mange vil ”huske” dei
igjen. Bandet har to gitarar, bass, trommer.
Referansar
Baarelaget
har vore i Norddal ein del gongar og dei har spelt i Eidsdal og på bryllaup i
Olegarden!!! Dei har spela 800-1000 spelejobbar og har vore spelt på radio ein
del gongar. Dei har også vore på norsktoppen. Dei har m.a. spelt på: Dei
nynorske festspela, Dublin Pub-Ørsta, Volda Turisthotell, Hulen-Bergen,
Sunnmørsringen-Oslo.



KNALL HERIFRÅ KJEKKE KARA
Dette er dei 3 cd-ane Sunnmøre Baarelag
har spelt inn
Heimatt
Arne og Kyrre rekna eingong ut at i løpet av alle desse åra har
Baarelaget halde over 1000 konsertar og opptredenar av ulikt slag. Når bandet
no har spelt i 26 år, har det likevel vorte naturleg at aktiviteten i bandet
ikkje held same nivået som det eingong gjorde. Dei fleste medlemmene har vore
tidvis opptekne i andre prosjekt, der spelingar med Baarelaget så og seie har
vorte som "ein tur heimatt", kjent og kjært. Og ein sluttar ikkje med
å reise heim innimellom. Det vil alltid vere ein viss aktivitet og liv i
Sunnmøre Baarelag. Dei skal snart gi ut ei samleplate.
Medlemmene i bandet sluttar aldri å undre seg over levekrafta
songane har mellom publikum. Allsongen hjallar ofte mellom veggene på
spelejobbane og ”Bertil i frå Berknes” er vel no å rekne mellom dei aller
eldste av samtlege rånarar i Ørstabygda.
SONGTEKSTAR
Lika ikkje
musikk
På
tokt uten lov over ukjende land
kjekkare
kara du ingenstad fannj
Signe
det mørkret som skjule enj kar
Dagen
vert gløymde om natta
Stadig
enj stigande kurs i mot mål
Flatar
snart ut under skvalder og skrål
Snart
nedpå jorda der skygganje bor
myse
i lyse ta ei altfor sterke sol
I dag e' det beire viss du lese mej et dikt
for ej lika ikkje musikk
-
Sjølmål e' et dårlig resultat - ej kjenne at ej ikkje orka mat.
Høge
musikk va litt høgare før
Ej
trur at ej spela litt mindre enn ej bør
Pannå
mi e' sikkert litt høgre enn ho va
men
enj gode gitar e' enj god ting å ha
I dag e' det beire viss du lese mej et dikt
for ej lika ikkje musikk
Det e’ beire å le enn å gråte
E’ du me – ingen måte
Me helde på i hondre år
Ingen ska’ sjå at me går i stå.
Til ej blir gammal og går med stokk
Til hanj Arne he fått nok
Til hanj Kjell Rune går sej sure
og til hanj hinj må berast innj
Vi teke me’ oss tingja
so rollja me i vei
uansett ka’ dei hine måtte sei
Kjekke kara’ – (Kjekke
kara’)
Kjekke kara’ – (Kjekke
kara’)
Kjekke kara’ – (Kjekke
kara’)
Kjekke kara’ – når me
søve!
Det e’ beire å stå på enn å gå ifrå
Det e’ beire å tigge enn å ligge
Husk at kanskje e’ enj sjanse
og e’ det fest - e’ det best..
Vi teke me’ oss tingja
so rollja me i vei
uansett ka’ dei hine måtte sei
Kjekke kara’ – (Kjekke
kara’)
Kjekke kara’ – (Kjekke
kara’)
Kjekke kara’ – (Kjekke
kara’)
Kjekke kara’ – når me
søve!
INTERVJU med Kjell Rune Klubbenes.
Har
dokke hatt eigen klesstil?
I byrjinga spelte vi med smokingdress! Då var vi stilige!
Til 25 års-jubileummet fekk vi lage våre eigen dress. Vi fekk
trykt opp utklipp frå aviser ( om bandet vårt)frå tida vi har spelt. Så vart
det sydd dresser med dette trykket.
Kor lenge vill dokke halde på?
Vi vill helde på so lenge folk vill høyre på oss. På nyåret (
2007) skal det kome ut ein samleplate frå oss. Kan hende vil det bli meir
spelejobbar då.
Har
dokke likt å spele i Norddal?
Ja, det har vi, kanskje litt fordi eg har slekt der og.
Kvifor
fekk dokke namnet Sunnmøre Baarelag?
Det er to grunnar til det:
New Wave var ein musikkstil som kom på den tida og Wave = Baare (nynorsk) Pelle parafins
BØLJE band var også populære på den tida.
Og da var det ein i bandet som foreslo Sunnmøre Baarelag!
Har
du vår med på å laga songane?
Eg har laga ein song heilt aleine og så har eg våre med på å dikte
litt her og der og delt ideear saman med dei andre.
Har
du/dokke kontakt med Åge Aleksandersen no?
Nei, ikkje anna enn at vi kan prate med han om vi er på ein
konsert han spelar.