Norddal Kommune

 

 
Tlf. 70257163        fax 70257164         epost  gure@norddal.kommune.no

ADM-INFO

Aktuelt nytt:

 

 

Verksemdsplan

Halvårsplanar

Barnehagerute

Skulerute

Periodeplan

Vekeplanar:

KLASSE 1

KLASSE 2

KLASSE 3

KLASSE 4

KLASSE 5

KLASSE 6

KLASSE 7

 

ELEVSIDENE

 

Barnehagen


 Faglinkar:

 1

2

- Gruble.net
- Fagsider Trondheim
- Godøy skule

 

 

 

 

 



  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Juleevangeliet i kyrkja

Fredag vart skulehalvåret avslutta med den tradisjonelle julegudstenesta for born og vaksne i Eidsdal og Norddal. Då fekk 1.-4.klasse ved Dalsbygda skule høve til å vise fram julespelet som dei hadde øvd på. To av elevane las juleevangeliet medan dei andre elleve framførte dramatiseringa. Elles var det mykje fin song, opplesing fint spel av elevar på begge skulane.

Fleire bilete

Nissemarsj

Tysdag den 16. desember vart det gått nissemarsj i Norddal. Elevane i 1.-4.klasse marsjerte først ned til aldersbustaden og song julesongar for dei som budde der. Sidan vart det song for dei som oppheldt seg på Buda, og andre eldre og yngre som var heime. Mange vart overraska og glade for å få fin julesong rett i fanget når dei opna døra. Etter endt innsats vart det god julegraut med mandel i på skulen.

Bilete frå marsjen

Juletankar

Borna i småskulen er i full sving med å førebu Jula. Då passar det godt å skrive ned tankar omkring det som er i vente. Det er ikkje lett å skulle lære både og skriv og bruke datamaskin samtidig, men det ser ut til at desse elevane har taket på det. Studer meir om:

Advent

Jul

”Grøn pakt”

Saman med kunstnarane Ottar Andre Andersson, Marit Moltu, Liv K. Dysthe Sønderland og stiftinga Paktarstova, har vi på skulen fått vore med på eit annleis prosjekt no i haust.

Skulen og prosjektleiinga har gitt kunstnarane frie taumar, men det skal handle om verdsarv, og dei skal røre ved elevane. Kunstnarar ser gjerne på ting med heilt andre auger enn oss ”vanlege”, og det er vel akkurat denne spanande og uvande måten å ta tak i temaet verdsarv som har gitt oss noko ekstra no i haust.

Elevane i storskulen har ...........

Les meir

 

 

På besøk i Melchiorgarden

Sju glade og fornøgde elevar fekk denne veka nærkontakt og kos med høner og geiter i Melchiorgarden. Torunn tok godt imot oss, og svarte velviljug på alle store og små spørsmål om livet til dyra på garden. Attpåtil fekk vi servering av heimelaga mat i mjølkeromsrestauranten.

Fakta 1

Fakta 2

Fakta 3

Fakta 4

Bilete frå garden

Teikningar frå garden

Skulecupen i friidrett

Sist veke vart semifinalen i skulecupen i friidrett for søre luten av fylket vårt arrangert i Sykkylven. Teknisk arrangør var idrettslina ved Stranda vidaregåande skule.

Det vart konkurrert i øvingane kule, lengdehopp og 40 meter, med deltakarar frå 6. til og med 10.klasse. Dei tre beste i kvar øving på kvart klassesteg er kvalifisert til finalen som går i Molde på vårparten. Dit kjem også dei tre beste frå semifinalen for utøvarane nord for Romsdalsfjorden som vart arrangert i Tingvoll.

 

Les om våre deltakarar

VerdsarvprosjektetT

Dei sju eldste elevane på Dalsbygda skule er med på prosjektet. Vi kallar oss ”verdsarvingane”.

Første samlinga laga vi benkar og måla dei. Andre samlinga laga vi eit ”ullrom” der ulltrådane vart forma som eit severdigheitsteikn rundt steinsøyler ……  les meir

 

 

Forutkafe på Grendahuset

Barnehagen og småskulen inviterte til kafe for å samle inn pengar til Forutaksjonen. Dette har vorte ein koseleg tradisjon. Det er høve til å kjøpe ulike varer, få seg ein kopp kaffi og noko godt attåt, og ikkje minst få høyre litt om kva dei innsamla pengane skal brukast til

 Sjå bileter frå Grendahuset

 

 

Blåbærtur

På tur med 3-7 klasse til Insetsetra og flotte blåbærtuer. Vi fann rikeleg, så vi har fått laga god blåbærsylte. Smaka den på pannekaker har vi også gjort.

GODE GREIER!

 

Sjå meir frå turen

 

Bokstavkjeks

Glade småskuleelevar hadde hendene fulle med deig og former då vi smatt forbi med kamera. Mange flotte bokstavar vart til i norsktimen, og jammen var smaken av det ypparste slaget og !

 

Sjå bilete frå ”Bakstestovå”

 

Geometriske former

Det er ikkje berre i kunst og handverk at det blir jobba med geometriske former. Også i matematikk har elevane i 4.klasse hatt gåande eit prosjekt der dei skulle byggje eit slott sett saman av ulike tredimensjonale figurar. Her vart det nytta ulike esker, dorullar og mjølkekartongar, og resultatet kan du sjå under.

Slott 1   Slott 2


 

Husbygging

I kunst og handverk har 3.-4.klasse jobba med geometriske former og hus. Elevane skulle øve seg på å skildre ulike former, for deretter å lage formene i papp og setje dei saman til det huset dei hadde valt seg. Det såg ut som dette var både kjekt og utfordrande, for ivrige var dei………

Les meir her …

 

NYSGJERRIGPER

Prosjekt 1: Kvifor likar vaksne kaffi betre enn det born gjer ?

Hei, dette handlar mest om kaffi. Vi i 5-7 kl. på Dalsbygda Skule arbeider med eit Nysgjerrigper prosjekt. Der spør vi ”kvifor -spørsmål”, og skal prøve og finne svaret på dette: Kvifor likar vaksne kaffi betre enn det ungar gjer?

Les meir her….

 

Prosjekt 2: Kvifor flyt store båtar, når små skruar sekk ?

 

 

The happy kids

The 7th class has written a project about the kids in Norddal. Here you can read about what the kids like to do, and their wishes.

You can also read about our world heritage, and the school.

Read more here ….

 

Tur til Aker Yards

5-7kl drog til Tomrefjorden fordi vi  hadde eit nysgjerrigper-prosjektet: ”Kvifor kan store båtar flyte og ikkje små skruar”. Dette har vi halde på med heile våren, ein time pr. veke,  og no var tida komen for å finne eit endeleg svar. Vi reiste med skulebussen, fergje til Linge, Og så køyrde vi heilt til Tomrefjorden med bil.

Les meir her

 

 

Dugnadsånda på topp

Tysdag 3.juni var det dugnad på uteområdet til Dalsbygda skule og barnehage. Arbeidsiveren viste seg å vere på topp. Både foreldre, born og lærarar hadde møtt opp for å gjere ein innsats for vårt nye aktivitetsområde.

Meir om prosjektet

Bilete med tekst

 

 

Utedag i fjøra

Den 13.05.08 var 5.-7. på ute dag ved fjøra. Vi brukte dei fire siste timane. 7 kl. laga oppgåvehefter, og planla dagen. Vi hadde og planlagt eit måltid. Her kan du lese tre forskjellige rapportar frå dagen.

Les rapportar ….

 

 

Tur til Ytste Skotet

Då nærmar det seg tur til Ytste Skotet for 5. – 7. klasse. Denne er planlagt til veke 23,  02.– 04. juni.

Marit Helen Akslen er ansvarleg for opplegget der ute. Petter skal vere med som kontaktlærar, men det er også høve for foreldre / besteforeldre til å vere med på heile, eller deler av opplegget. Vi kan sjølvsagt ikkje stille med fleire vaksne enn born, så førstemann til mølla ……….

Les meir

 

 

Vi lagar gapahuk

Som ein del av undervisninga i kunst og handverk har vi siste del av året valgt å arbeide med uteområdet på skulen. Planar for korleis vi kan utnytte skogen og terrenget ved skulen til aktivitetar og leikeområde er klare, og no set vi i gang med å lage dette til. Dei første timane har vi brukt til å rydde vekk ein del skog, og samtidig bygg vi opp ein gapahuk av ........

Les  og sjå ...

90 000 born i Nasjonalforeninga sin hoppetaukonkurranse

Hopp for hjertet, er bodskapet i oppfordringa frå Nasjonalforeninga  til norske skulebarn. Heile 90 000 elevar deltek i Petter Puls sin hoppetaukonkurranse fra 14. til 25. april.

Og på Dalsbygda skule og barnehage hoppar vi dagen lang …

Les og sjå ..

Karnevalstid

Det tradisjonelle karnevalet  for skule og barnehage  gjekk av stabelen på skotårsdagen fredag 29. februar.

Dansar og leikar,Polonese, dei eldste elevane går først og saman med ungane i barnehagen. Eg gjekk meg over sjø og land. Lytt og løp, fem grupper kvar sin ring på ……

Les og sjå bileter

Full fart i skisporet

I perioden mellom vinter- og påskeferie prøver vi å utnytte det flotte skiterrenget på Lilleåsen. Idrettslaget stiller opp med trakkemaskin, og foreldra hjelper oss å køyre elevane til og frå. Onsdag 5. mars legg både barnehagen og skulen i veg for å avvikle den tradisjonelle ”Skidagen”.

Her vert det opplegg med skiorientering,  natursti, skiskyting og skileik i mange former. Vi skal ……

Les meir og sjå bileter

Ut i universet

I perioden frå etter nyttår og fram til vinterferien har 3. og 4. klasse vore på ”reise” i verdsrommet. I faga kunst og handverk, naturfag og norsk har elevane høyrt om Svein og Rotta i verdsrommet, lært om og arbeidd med planetane, vove ei sol, måla eit bilete og lært om og laga nokre stjernebilete. Nokre har også skrive  ......

Les og lær meir

 

 

Animasjon

Siste del av haustenarbeidde vi mykje med tema animasjon. 6. klasse var på todagers kurs saman med Synnøve, samstundes som vi brukte tid på skulen til å komponere små filmsnuttar.

På kurset vart det nytta flott utstyr med kamera og tilhøyrande Mac datamaskin. Der laga dei filmane ved å bruke figurar i plastelina som vart flytta litt for kvart bilete som vart tatt.

 

Les meir, og sjå animasjonane

2008

2008

Vi ønskjer alle ei god Jul og eitt godt nytt år !

Nissefest

Onsdag var det tid for avslutningfest både i skulen og barnehagen. Mykje godt program, der dei eldste elevane presenterte prosjektet sitt om Edvad Grieg. Elles var det både skodespel, dans, song og dramatisering på høgt nivå.

God graut vart det i rikeleg mengde både for liten og stor, og sjølvsagt kom nissen ...

Sjå bileter

Juleverkstad

Mandag og tirsdag i veka før Jul har vi hatt juleverkstad for heile skulen.  Elevane har arbeidd i aldersblanda grupper, og vore innom både baking, trearbeid og ulike teknikkar med papir og ull.

Stor aktivitet og mange pakkar til å putte under juletreet. ...........vi seier ikkje meir .

Sjå bileter

Trearbeid

Mykje spennande på kunst og handverksfronten no i haust. Saman med Synnøve har elevane utfalda seg på mange områder. Her kan du sjå biletet frå arbeid med tre. Kunstverk til å plassere gryter og varme panner på er gode å ha no i juletida. Det same kan ein seie om trehyller til å plassere verdifulle bileter eller sminkesaker i.

Sjå bileter

Modige oppdagarar, gamle kulturar...

Her kan du få sjå kva vi har funne ut om dei store europeiske oppdagarane og deira strabasar på ukjende farvatn. Du finn og stoff om gamle kulturar og deira kamp mot dei same oppdagarane

Vasco da Gama  Aztekarane 

.....og spennande bøker

Vi har tatt føre oss Roald Dahl og du finn nokre bokmeldingar samt biografiar på dei neste ”klikka”

Roald Dahl  ”Heksene”

  ”Matilda”  "Georgs magiske medisin”

 

Litt av kvart

I haust har det vore mange aktivitetar som du kan få kike nærare på om du tar deg tid til å sjå her:

 

”Bokfest” -  vi avslutta leseprosjektet med underhaldning og bokkake

 ”SFO”    -  ein fin plass å vere når skuledagen er slutt

”Sopp”    -  vel heimattkomne frå skogstur vart det soppstuing på skulekjøkkenet

Hinduismen

”Dei viktigaste gudane i hinduismen er Vishnu, Shiva og Brahma. Brahma skaper verda, Vishnu held ho oppe, og Shiva øydelegg ho, og så skaper Brahma verda på nytt, og slik held dei på.”

 

Dette er innleiinga som 7. klasse bruker når dei presenterer Hinduismen her på skulesidene. Du kan lære meir om du klikkar deg vidare frå HER

Leselystaksjonen er i full gang

Også i år brukar vi tid på aksjon leselyst. Elevane har avsett tid til å lese skjønnlitteratur både på skulen og heime.

Det er ulike opplegg for dei to trinna på skulen vår:

 

 Aksjon Lesekompis: 1. - 4. trinn

Kvar klasse/gruppe får ein stor sirkusplakat. Her skal elevane feste klistremerker med motiv av Lesehesten, Bokormen, Lesepiraten, Lesehornet og Leseløven.

 

Aksjon Lesereisen: 5. - 7. trinn

Denne hausten skal elevane lese seg Europa rundt. Kvar klasse/gruppe får eit stort Europakart der dei kan følgje med på reisa. Elevane skal besøke åtte land, og i kvart land får dei ei litterær oppgåve.

 

Les meir

Nye kameratar

Då er det ikkje lenger tid for seine kveldar og lang frokost. I skulen og barnehagen er det på nytt full fart med leik og læring. Nokre har tatt steget frå barnehageavdelinga og ned i kjellaren, der bøker og skrivesaker er gromme greier den første tida. Då er det likevel godt å kunne ta seg ein tur å helse på barnehagegjengen og få ”låne” litt leiker.

Utover hausten vil vi som vanleg prøve å fore lesarane med reportasjar frå kvardagen vår - .... men ting tar tid, så de får ha tolemod enn så lenge....

 

Litt fleire bileter her

”Jugendstil”.

Som ein del av kunst og handverk har vi arbeida med temaet ”Jugendstil”. Vi avslutta emnet med ein tur til Ålesund for å studere arkitektur og lære meir om oppattbygginga av byen etter brannen i 1904. Inntrykka er festa både til film og bileter, og ikkje minst har elevane skreve sine rapportar frå turen.

 

Her kan du lese kva dei opplevde:

 

5. – 7. klasse til Jungendbyen

Les meir om programmet her

Skidag for skulen og barnehagen på onsdag 21. mars

 

Sjå program for skidag her

Mitt prosjekt

Elevane i 5.-7. klasse har arbeidd med sitt eige prosjekt no i månadsskiftet februar – mars. Dei har sjølve valt eit tema som dei ville undersøkje og presentere for alle oss andre. For å lære seg å arbeide med heimesider, har alle måtta brukt dette som presentasjonsform..

Her er resultatet

Prosesskriving

 

6. og 7. klasse har brukt mykje av norsktimane etter jul til prosesskriving. Dette er ein måte å arbeide på som vert forklart slik i læreplanane:

Les her

 

Full fart på ski ( sjå på oss då vel)

Onsdag 28 feb. hadde vi vår andre skitur på Lilleåsen med skåskulen. Det er ein ivrig gjeng som kastar seg ut i både slalom, langrenn og skileikaktivitetar.

Dei komande vekene vert det storskulen som skal teste ut skiferdigheitene. Dei skal mellom anna gå ein lengre tur, overnatte på Rellingsetra, og ikkje minst vere med å planlegge den årlege felles skidagen for skulen og barnehagen.

Program for skiaktivitet

Karneval

Fredag 16. feb. var heile flokken samla til karneval i gymsalen. Mange flotte kostymer og ivrige krabatar over alt å sjå. Presten hadde med seg eit stort brurefylgje, og vi måtte både ut i marsj og brudevals. Kokken hadde stelt i stand godsaker til alle som kom forbi, og katten som hang i taket fekk seg nokre velfortente dask over rompa – Dermed hagle det med søtsaker utover karnevalsdeltakarane. Og det hadde ingen noko imot …….

Sjå bileter

TUR TIL TUNGA

Sidan vi arbeider med metall og bergartar som tema i fleire fag for tida, passa det godt med ei lita utflukt. Vi tok oss ein spasertur til Tunga, for å sjå korleis Harald arbeider i smia si. På vegen opp var vi innom olivintunellen på Flata, og når vi likevel var på Tunga tok vi oss ein tur innom geitefjøsen til Stein Harald. Vi avslutta ei flott økt med å sjå på ein del av måleria som Harald har laga. Han kan litt av kvart den karen …. ( bileter )