Trusselbrevet

Yess! Alt rett på prøva igjen. Det er 5. gongen på rad. Sist var det matte og no er det samfunnsfag. Eg er litt stolt da. Kanskje eg skal lage middag til ho mamma i dag. Det er pizza eller buritos. Eg vil gå inn og ropar alt rett på prøva. Men, kva er dette? Mamma gret.

Eg er Steffen og eg er tolv år. Eg og mamma, Margit, bor i eit lite hus i USA, også katten min da, Missy. Det er veldig trivleg akkurat her. Mamma er litt plaga med angst, so då bur vi litt ut på landet. Eg og venane mine er ofte ute og spelar fotball i lag. Det er Jon og Petter som er beste venane mine.

Eg går litt sakte inn. Det er litt skummelt når ho gret. Eg vil helst spør kva det er. Eg må tørre å spørje mamma om kva det er. Eg gjer det. Ho verkar veldig letta for å sjå meg. Ho viser meg eit brev, og blir litt tristare igjen. Eg ser bakpå. Det er eitt daudinghovud som avsendar. Eg blir litt redd sjølv, men tek meg mot til å opne. Det er skreve med bokstavar frå aviser og blad. Eg ber mamma om å roe seg ned og seier at det ikkje er farleg. Eg gjømer brevet i ranselen min til eg kjem opp på rommet mitt.

Ho blir litt blidare. Etter ei lita stund har ho roa seg heilt. No blir det buritos. Endeleg litt mat. No fortel eg den gode nyheita. Ho slappar av på sofaen no. Ho blir kjempeglad når ho høyrer om prøva, og seier at eg liknar på pappa. Vi kosar oss med buritos og ser på Mikke Mus film heile kvelden. Mamma har det kjekt og har sikkert gløymd brevet.

Endeleg fri. Helg. Herleg. Eg ringer til Jon og Petter, og ber dei komme opp på garasje loftet. Dei ser litt spente ut, for eg sa at det var viktig og at det hasta. Eg føler meg som ein detektiv. No kjem dei opp.

Eg har eit skrivebord og ein kontorstol her. Og so klart ein sofa og eit bord og nokre hyller.

Eg legg fram brevet på skrivebordet når dei kjem inn. Dei les det stilt for seg sjølv. Dei ser overraska ut. Dette stod i brevet:

No må du slutte å vere so flink på skulen.

Eg hatar det. Du er alltid den beste. Det vil skje noko forferdeleg viss du ikkje gjer noko snart.

 

Helsing drapsmaskina!

 

Erleg talt. Denne personen må vere nokon vi kjenner. Det meiner Jon bestemt. Det er framleis tidleg på morgon, og vi er klare for ein dag med etterforsking. Dette er spanande. No ER eg ein detektiv. Trur eg.

Vi tenkjer over folk som kan vere mistenkt. På lista har vi:

Margaret, som mobbar mest,

Birger,(bølla) som alltid er so slem,

Henrik, som ikkje er so flink på skulen,

Og til slutt den tullete Tor som alltid skrønar.

Vi stryk over Tor. Han ville forstått at dette kunne blitt for alvorleg. Og Margaret veit ikkje kor vi bur, so da kan det ikkje vere ho. Da er det at to mistenkte, Bølla og Henrik. Dette blir berre meir og meir spanande. Vi går for å leite etter spor. Det kan bli litt vanskeleg. Vi delar oss. Vi har tatt med små posar og pinsettar. Eg finn eit tomt tyggegummipapir femten meter frå postkassa. Det er lakris tyggis. Mistenksamt. Og enda lenger borte ca.30 meter frå postkassa IFA papir. Jon fann ei skolisse og Petter fann ikkje noko. Dette er meir og meir mistenksamt. Vi går opp igjen til garasje loftet. No skal vi undersøkje.

Det begynner å bli seint og Jon må fare. Petter skal sove over hos meg. Jon kunne ikkje for han skal i selskap. Då blir det eg og Petter som skal ”undersøkje” i morgon.

Verken eg eller Petter får sove. Vi ligg berre å rullar oss. Til slutt begynner vi å prate. Vi avslører kven vi trur det er. Petter trur det er Henrik, og eg trur det er Bølla. Han seier aldri resultata frå prøven. Og kan alltid finne på rare ting.

Vi arbeider berre litt på sundag. For det er kviledag. Og mamma er jo so religiøs. So da ventar vi til i morgon når Jon er her og. Dei skal ver med meg heim etter skulen.

Det er fullfart på skulen og eg får det bra til. Matta er veldig enkel, og norsk er ikkje noko problem. Men når eg kjem heim ventar det ein ekkel overrasking.

Eg høyrer det på lang vei. Det er nokon som hyler og skriker. Petter og Jon høyrer det også. Det er litt ekkelt og høyre på det. Det blir høgare og høgare dess nærare eg kjem huset vårt. Eg blir redd for at det kan vere mamma.

No står eg, Petter og Jon utanfor huset vårt og hører på hyla. Dette blir vanskeleg. Vi går inn og ser blodflekkar på golvet. Eg ber Jon om å ringje legen til mamma, og Petter om å ringje til politiet. Eg går inn på kjøkkenet til mamma, og ser vesle Missy som har blitt drepen. Eg gret sjølv no. Men mamma er heilt frå seg. Ho har fått EXTRA ANGST. Mamma ligg på golvet og gret. Det ser ut som ein stor dam med tårer. Eg får med meg mamma på soverommet. Vi sett oss i senga .Vi set der lenge utan ord og lyd. Petter og Jon ventar på stova. Politiet er først her. Eg går ut, men Petter er der allereie. Dei verkar alvorlege. Dei spør etter ein vaksen person, men eg kjem i staden for mamma. Jon går inn for å trøste. Legen kjem berre litt etter. Han går inn og pratar med mamma. Politiet tar vesle Missy i ein sekk.

Ein syklist kjem nærare. Det liknar på ein unge. Det er Bølla. Han hiv seg av sykkelen og spring til meg. Han hiv seg over meg med tårer i auga. Han seier noko om at han aldri skal gjere noko stygt igjen, og at han berre ville vere venar med oss. Eg ber han om å roe seg ned eit hakk. Han ventar litt og seier at det var han som gjorde det. At det var han som hadde sendt brevet og, dessverre, drepe vesle Missy. Han bad om tilgiving, og sa at han misunna meg. Og at han ville vere venar med meg, Petter og Jon. Vi ringde mora hans og ho kom fort. Ho snakka alvor med Bølla. Men no kan vi ikkje kalle han Bølla meir. No må det bli Birger. For han er jo blitt ein av gjengen vår.

Mamma måtte vere ein del med legen for å få roa seg skikkeleg. Det blei rettssak for det Birger hadde gjort. Eg og mamma var einige i å tilgje han. Og han blei eit medlem av gjengen. No skal oss få oss ny katt. Birger har hatt det tøft ei stund. Men det var sikkert godt å få av litt ”bagasje”.

Slutt.