Trusselbrevet
Eg og klassen var på klassetur til USA. No hadde vi vore der i to dagar. Klassen vår var så stor at vi
måtte dele den opp i to grupper. I den gruppa eg var på, var det 15 stk.
Uheldigvis kom eg på gruppe med skryte paven Torleif, han likte ikkje det
namnet så han kalla seg berre for ’’sjefen’’. Men det eg var mest glad for, var
at den søtaste og finaste jenta i klassen også var på gruppa mi, og ho heitte Viola.
Den kvelden vi kom var det slik kaos,
at vi ikkje fekk med oss alt det fine rundt oss. Det tykte læraren vår Per
Johnsen at vi måtte gjere noko med. Dagen etter tok han oss med på ein buss
tur. Han fortalte oss om alle plassane vi reiste forbi.
Heile den turen var eigentleg vekk
kasta for meg, for det einaste eg tenkte på var Viola. Eg hadde lyst til å be
Viola ut på middag.
Det hadde vorte kveld då vi var ferdig
med turen. Og då eg kom inn på hotell rommet mitt låg det eit brev på senga mi,
der stod det:
Hei
Chris!
Hjertet mitt byrja å banke då eg las
det, eg trudde det var Viola som ville be meg ut. Men då eg las vidare, vart eg
veldig skuffa og litt redd, for der stod det:
Du vågar
ikkje å be Viola ut.
Ho er
mi, berre mi!
Eg vart sint men litt flau også, for eg
trudde ikkje det var nokon som visste at eg likte Viola.
Det var mogeleg at brevet var kome på
feil rom… men det stod namnet mitt på det. Eg låg ei heil stund å lurte på kven
som kunne ha skrive brevet. Men eg kom fram til at det måtte vere ``sjefen``.
Eg var låk i hovudet av å tenkje so mykje, så eg tok meg ein dusj. Det einaste
eg klarte å tenkje på var Viola, Viola med det lange, lyse, dei glinsande auga
og dei fine skjørta ho brukte å gå i.
Då eg var ferdig å dusje, hadde det
gått ein og ein halv time. Alle dei andre lagt seg, for det var heilt stilt på
romma vad sida av. Eg gjekk å la meg i senga for å prøve å sove, men det var
ikkje enkelt, for eg vart berre liggjande å tenkje dei same tankane om att om
att. Det gjekk fleire timar før eg sovna. Eg vakna mange gongar av mareritt,
men eg hugsa ikkje kva som var skummelt eller ekkelt.
Då vekkjar
klokka ringde klarte eg nesten ikkje å opne auga. Det gjekk lang tid før eg
klarte å stå skikkeleg på føtene. Eg
hadde dårleg tid, for Per hadde sagt at vi skulle vere nede med frukosten
klokka halv ni. No var klokka kvart over åtte. Det hadde vore so varmt i natt
at eg berre sov i bokser shorts. Eg sprang inn på badet for å pusse tennene
mine. Eg gjorde det ikkje so vel, for det hadde eg ikkje tida til. Håret mitt
var bustete og fælt, så eg klina inn i noko gele. Eg stod å kledde på meg då
dør trykkerten for ned og døra gjekk opp i ei voldsom fart! Eg hadde fått på meg sokkane og hadde buksa
på knea. Eg dreg buksa ned i staden for opp, og no går det opp for meg, det er
nokon som står og ser på meg! Eg ser opp for å sjå kven det er, eg får slik
sjokk at eg hoppar til side. Der i dør opninga står Viola. Eg vert heilt raud i
andletet, like raud som ein tomat. Eg tenkte at eg sikkert såg ut som ein idiot
der eg stod. Men eg prøvde å vere kul å fortsette å kle på meg, og spørje kva
ho ville, men eg høyrte at stemma mi var litt skjelven.
Ho svara att ho hadde tatt feil dør for
ho hadde gløymt kameraet på rommet. For ho hadde visst rom ved sida av meg.
Unnskyld sa ho og gjekk.
Klokka var fem på halv ni. No hadde eg
fått på meg alle kleda. Eg sprang ned alle dei lange trappene frå femte etasje
og ned til frukost hallen i andre. Eg rakk det akkurat, eg var den siste som
kom. Per sa han hadde gode nyheiter til oss. Han sa at vi skulle få fri heile
dagen slik at vi kunne gjere akkurat det vi ville. Då kom eg på at eg kunne be
Viola ut. Men eg visste ikkje om eg torde på grunn av brevet ``sjefen`` hadde
skrive. Men kvifor skulle han få øydeleggje for meg? Nei, eg måtte spørje ho.
Mens eg tenkte på alt eg skulle gjere i dag kom Viola bort til meg og sette seg
ned.
Ho spurde kven som hadde skrive det
brevet. Eg forsto ingenting. Ho sa at ho hadde sett brevet som låg på eit
telefon bord. For ho var ikkje saman med nokon. Eg sa at eg trudde det var
``sjefen`` som hadde skrive det. Ho sa at ho ikkje kunne fordra ``sjefen``.
Då eg høyrde det vart eg so glad at
nesten hjarte hoppa ut or brystkassa. Vi åt og prata om interesser. Då vi var
ferdige å ete røyste Viola seg og skulle til å gå. Då tenkte eg: no eller
aldri! Eg bad ho stoppe, for eg måtte spørje ho om noko. Før eg fekk spurt,
svarte ho: ja eg vil vere med på date! Så snudde ho seg og gjekk. No var eg så
glad at eg nesten eksploderte.!
Heile dagen gjekk eg og tenkte på
daten. Det var det einaste eg klarte å få plass til i hovudet mitt. Då eg og
ein kompis sat og åt lunsj kom ``sjefen`` bort til oss. Han ville snakke med
meg åleine. Då vart eg redd for eg trudde han skulle drepe meg, eller i alle
fall skade meg. Men han byrja å prate. Han sa at Viola hadde bedt han trekke
brevet tilbake, for det var ikkje ``sjefen`` som bestemma kven ho skulle vere i
lag med. Då vart eg så letta at eg nesten ikkje kunne vente til i kveld. Resten
av dagen gjekk eg rundt og tenkte på Viola og kjøpte dumme ting, for uansett
kva eg gjorde skulle eg på date i kveld.
Då eg kom tilake til rommet hadde eg
kjøpt mykje rare ting, men eg hadde kjøpt ei kvit skjorte også. Eg brukte lang
tid på å dusje meg og stelle meg til daten. Eg hadde på meg den nye kvitskjorta
mi og ei svar jeans.
På daten gjekk vi først på kino, der
såg vi Nothing Hill. Så gjekk vi på ein restaurant og åt pizza. Viola
hadde på seg eit langt, fint, lilla skjørt og ein lyse rosa topp med paljettar
på. På bordet der vi sat var det raude serviettar med rosa hjerter på, og det
var raude stearin lys.
Eg og Viola hadde
det kjekt saman. Og de andre dagane sat vi ilag på alle buss turane, og vi
gjorde alt ilag.
På flyet heim haldt vi kvarandre i
henda heile turen.
Ti år seinare gifta eg og Viola oss, og bryllaups reisa gjekk til same plassen om som
vi vart saman på.