Ei bondegravferd

 

Paula hadde hatt tuberkulose i eit havt år. Ho hadde ein mann, han heitte Ludolf. Dei hadde sju born og ein stor gard. Tuberkulose var ein sjukdom ein kunne døy av, men det var ikkje ofte det skjedde. Så det bekymra dei på garden ikkje seg så mykje om.

Men ein dag fekk Paula mykje verre sjuke. Då ho fekk det var ho åleine heime, for alle dei andre var ute og arbeida. Ho klarte å kome seg bort til vindauge å rope etter hjelp. Alle høyrte det, dei kasta alt dei hadde i hendene og byrja å springe opp til huset. Då dei kom inn var det nesten for seint, ho låg på golvet og sleva. Den eldste sonen, Iver, prøvde å få liv i ho igjen. Men det gjekk ikkje. Paula var død. Vesle Karoline som berre var tre og eit halvt år begynte å hyle, for ho forsto at det var noko gale. Mens den minste i familien, Olina, som bere var eit år gammal ho var heilt stille. Ludolf og Iver la seg over Paula. Dette hadde dei ikkje forventa.

 

Seks dagar etter hadde dei ei gravferd for Paula. Det var heilt stille, det einaste ein kunne høyre var fuglane som song. Sola titta fram mellom skyene. Molda og blomstrane lukta om ein annan. Systra og broren til Paula, Johanne og Martin kom, det gjorde også Ludolf, sonen, Iver og broren til Ludolf, Olav. Martin grov att føre grava.

 

Dei hadde fått ein prest til å lese ein salme. Alle stod og mimra tilbake til då Paula levde.

Etter gravferda snakka Ludolf og Olav saman.

Olav: eg hugsar så vel då du og Paula vart kjærestar.

Ludolf: ja, det var tider det.

Olav: var ikkje det då du var 16 år?

Ludolf: nei, eg trur no eg var 15 år. Men det var no berre flaks, for vi møttest no på ein marknad eg eigentleg ikkje skulle på.

Olav: ja, det var vel gud som ordna opp å.

Ludolf: ja det var det sikkert, men det var det ikkje denne gongen.

 

Eit år seinare fekk Iver rommet som Paula hadde lege på då ho var sjuk. Ei veke etter fekk Iver også tuberkulose. Då vart Ludolf bekymra for at Iver også skulle døy av det. Det var ikkje så gale då Iver hadde tuberkulose. Og ein månad vart Iver frisk. Og ingen andre i familien fekk tuberkulose. Og familien levde lykkeleg i alle sine dagar til endes.

 

Astrid