EI BONDEGRAVFERD.

 

Ein gong hendte det noko forferdeleg. Det skjedde på 1800-talet ein sommardag. Det skal eg fortelje om no.

Det var ein fin dag og jorda skulle pløyast.  Dermed skulle bonden ut på jorde. Han sette seg i traktoren med niste og kaffi. Han sa han skulle kome heim til middag kl.17.00. dagen gikk, og middagstid nærma seg. Men ingen kom. Då det hadde gått ein time, for sonen, Geir, ned på jorde for å sjå etter bonden. Kona til bonden, Synnøve, venta engsteleg. Ho var redd for at noko forferdeleg hadde hendt. Geir kom springande inn døra med tårer i auga og sa” eg såg at traktoren var vraka og undersøka litt då såg eg spor innover til skogen. Det var litt blod med traktoren.” Synnøve sette seg i stolen på stova og byrja å gråte. ”tenk det har hendt noko forferdeleg” sa ho om at og om at. Geir ringde til besteveninnene til mor hans og sa kva som hadde hendt. Dei sa dei skulle ringe til nokre andre og dei skulle kome so fort dei kunne.

Etter ei stund kom dei. Synnøve låg berre på sofaen med tårer i auga. Dei andre sat på kjøkkenet for å planlegge ein leite aksjon etter bonden. Turi, som var systera til Synnøve, var ikkje med på dette, for ho og to andre skulle vere saman med Synnøve. Dei hadde delt inn i tre grupper.

Den fyrste skulle prøve å finne ut kva som hadde hendt med traktoren

Den andre skulle prøve å finne bonden.

Den tredje skulle vere saman med Synnøve og Geir.

Men då protesterte Geir. ” Eg vill vere med på traktor gruppa” sa han.” eg lurer på kva som har skjedd.

Etter ei stund kom gruppe ein. Dei som skulle finne ut kva som hadde hendt med han og traktoren. Dei sa” det ser ut som at det hadde kome ein stein under bremsa i ein bakke. Traktoren har tydleg vis kresja i eit tre, og bikka over”. Synnøve byrja å storgråte. Og ville ut å leite etter bonden. Ho vart heilt gala. Geir hadde vert på gråten heile vegen heim. Dei fekk roa ned Synnøve etter ei stund. Men etter enda nokre timar kom gruppe tre tilbake. Dei hadde funne bonden og kom med dårlege nyhende.” Vi fann bonden, men han var dessverre fortapt. Han hadde surra ein bit av skjorta rundt låret, der han hadde eit stort sår. Hen hadde slått hovudet hardt såg det ut som. Han er død” sa dei. Synnøve svima av. Dette var for ferdeleg.

Geir sat i ei krå for seg sjølv. Han var veldig trist. Han ville vere åleine.

Synnøve ville verken ete eller prate på fire dagar. Geir hadde kome seg litt. Men so kom den femte dagen. Dei måtte tenke på gravferda. Trine var fortsatt med dei. Ho skulle vere der ei stund til. Ho skulle hjelpe til med gravferda, men ville ikkje vere med på ho.

Dagen kom og det var varmt. Sola stod på himmelen. Dei skulle begrave han på ei fin mark der han hadde sagt at han ville bli begraven. Denne marka hadde fin utsikt til andre fjell. Det var små markblomar rundt grava, og ein lilla blomekrans som låg på grava. Den hadde Synnøve laga.

Bror til bonden, Olav, hadde kome frå hi sida av fjellet til gravferda. Han hadde sakna bror sin lenge. Og no ville det bli enda lenger. ” Han var so ung. At han skulle døy så ung, hadde eg ikkje trudd. Han var flinkast på skulen, og fekk alltid gode karakterar. Det var tider det” tenkte Olav. Han måtte prate med Synnøve etter gravferda, tenkte han og. ”Det var ei fin bønn som blei lese” sa han.” Ja, eg valde ho sjølv” svarte ho. ”Det var synd at han døyde so ung” sa han. ”Ja, han betydde neste alt for meg. Men eg har jo Geir.” svarte ho. ” Han liknar på far sin,” sa han. ”Det var sant” ,tenkte ho men ville ikkje sei noko.

Det gjekk betre etter ei stund med Synnøve og Geir. Dei fekk det nesten like bra, men bonden var alltids i tankane. 

 

Silje