Intervju.

Vi tek i dørhandtaket og opnar døra sakte opp.  Der set 1. klassen og spelar spel. Det ser ut som at dei har det kjekt. Dei blir litt øsne når oss kjem inn. Dei helsar på oss.  Dei lurer på kva det er oss skal. Vi spør om Mari vil prate litt med oss. Det er litt koseleg å vere her. Dei andre i klasserommet heldt på med data. Vi sett oss bak i et hjørne for oss sjølv. Ho ser litt spent ut og viftar med føtene. Mari liker skulen godt og synest lærarane er snille. I friminutta likar ho å leike med dei andre i klassa. Dei er gode venar alle saman. Ho seier at det er ikkje so mykje lekser. Ho likar å leike med plastilin i fritida.

 

Maria set og fiklar litt med lego. Ho er litt opptatt men seier at ho likar skulen godt og seier at lærarane er nokså snille. I friminuttet likar ho å halde på med sandkasse-sisten, og spionleik som alle får vere med på. Ho seier at ho brukar å vere med Lovise ned at frå skulen viss ho får lov, men elles  spelar ho data og høyrer på musikk.J

 

Sara er ei litt bestemt jente, men ganske snill. Ho seier at det er ganske kjekt å vere på skulen, og lærarane er sann cirka snille nok. Ho har henda i kross og viser på seg at sånn er det. På fritida kan ho gjere kva som helst seier ho. Og det gjer ho i friminutta og. Ho fortel at det er av og til at ho er venn med dei andre i klassa. Ho synest at det ikkje er for mykje lekse. Ho er fortsatt heilt bestemt på det ho seier. Dei andre i rommet synest sikkert at det er spanande å sjå på oss bak i kroken, for dei titar inn i ny og ne.

 

No skal vi prate litt med Emilie. Ho er litt sjenert og seier først nei når vi spør om ho vil prate med oss, men ho blir med likevel. Ho sett seg ned på stolen og ser ned på golvet. Ho synest det er fint på skulen, og lærarane er snille. I friminutta er ho med dei andre og likar å vippe og leike i sklia. Når ho er heime brukar ho å leike. Ho syns det er litt mykje lekse men nølar litt før ho svarar. Første skuledagen ho var her kjende ho ingen, det var fordi ho nettopp hadde flytta hit. Men no har ho fått mange venner.