Atmosfære er det generelle namnet på eit lag med gass som kan ligge rundt et legeme med stor nok masse. Gassane er tiltrokke av tyngdekrafta til legeme, og held fast viss tyngdekrafta er stor nok og atmosfæretemperaturen er lav. Nokon planetar består hovudsakelig av gassar, og har dermed svært djupe atmosfærar. Jorda, Venus, mars, Pluto og to av månane til dei ytre planetane (saturnmånen Titan og neptunmånen Triton) har atmosfærer. I tilegg er kjempeplanetane i det ytre solsystemet (Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun) hovudsakelig samansette av gassar. Andre legeme i solsystemet har ekstremt tynne atmosfærer: Månen (natriumgass), Merkur (natriumgass), jupitermånen Europa (oksygen) og jupitermånen Io (svovel). Jordatmosfæren er ein særskilt atmosfære fordi den inneheld gassar skapte av livet på jorda; samtidleg gjer den det mulig for liv å være til her.

 

 

 

 

Ozonlaget

Tyngekrafta

Amerikanske romferjer

Gassane