Hinduismen
har fire livsstadia. Men det er berre gutar og menn som har desse. Og berre dei
som lev i dei høgste kastane.
Dei
fire Livsstadia:
1.
Stadiet
for å lære.
2.
Stadiet
for å leve familieliv.
3.
Stadiet
for å trekkje seg tilbake.
4.
Stadiet
for å søkje frelse.
Stadiet for å lære.
Når
ein gut skal byrje på skulen, blir det halde ein seremoni. Guten får ein lærar,
som blir kalla ein guru. Når guten byrjar på skulen skal dei ha seremonien med den
heilage tråd, og korleis ein skal gjere pudsja. Den heilage tråd er samanfletta
av tre trådar. Desse skal henge over gutens venstre skulder. Desse tre trådane
skal ikkje takast av eller klippast av. Dei skal henge der. Desse tre trådane
tyder tre lovnadar. Det er:
Eg
lovar å setje kunnskap høgt.
Eg
lovar å respektere foreldre og forfedrar.
Eg
lovar å støtte samfunnet og nasjonen.
Frå
seremonien får guten lære av guruen sin.
Stadiet for å leve
familieliv.
Det
viktigste av livsstadia er å leve familieliv. Det første dei gjer då er å gifte
seg. Dei kan gifte seg på ulike måtar, men det som regel med nokre ting som er
vanleg å ha med uansett. Det er desse:
1.
Presten
tenner den heilage eld og seier fram bønner.
2.
Dei
to som giftar seg gir lovnadar til kvarandre. Brudgommen seier som oftast ”eg
held handa di i dharma si ånd, vi to er mann og kone”.
3.
Brura
klatrar over ein stein for å vise at ho skal gjere so godt ho kan for å meistre
vanskelege oppgåver.
4.
Brudeparet
går fire gongar rundt den heilage elden for å vise at dei skal løyse oppgåver
saman.
5.
Til
slutt tek brudeparet sju steg. Eit for ei bønn. Det er ei bønn for mat, for
styrke, for velstand, for visdom, for å få born, for helse og for vennskap.
Stadiet for å trekkje seg
tilbake.
Ein
kan byrje trekkje seg tilbake når ein er femti år. Ein kan reise frå familie og
jobb for å konsentrere seg om det åndelege livet. I India er det nokre som
flyttar ut i skogen, for å leve enkelt. Men i dag er det få som trekk seg helt
vekk frå det vanlege livet.
Stadiet for å søkje
frelse.
Det
siste livsstadiet kan byrje når ein hindu er sytti-fem år. Då blir det halde
ein seremoni. Gjennom den seremonien, blir personen ein sanyasi. Det tyder ein
frelsesøkjar. Etter denne seremonien skal ein ikkje ha noko meir kontakt med
familien. Ein skal heller ikkje ha ein fast bustad. I India ser ein på det som
ei plikt å gje ein synasi mat og husly. Då kan ein synasi bruke all si tid på
det åndelege livet.