Vishnu

 

Vishnu er ein av dei viktigaste gudane i hinduismen. Vishnu er den som held jorda oppe. Konene til Vishnu er Lakshmi og Bhumidevi. Dersom Shiva kjem for å øydeleggje jorda, vert Vishnu til ein av dei ti avatarane sine. Dei to viktigaste av dei er Krishna og Rama. Ridedyret til Vishnu er ørna Garuda, eller so ligg han og kona Lakshmi på den store slangen Sesha. Vishnu har fire armar og er Guden for gode ting. Det er mange som ber til Vishnu, heile 70%. Ut av navlen til Vishnu veks det er blome, Lotusblomsteren. I Lotusblomsteren sitt Brahama.

 

Krishna voks opp i ein fosterheim, han var veldig glad i smør og mjølk og vert ofte kalla Smørtjuven Krishna. Han likte å leike og erte dei vaksne. Krishna brukte og vere med gjetarane når dei var ute og gjette kyrne. Krishna likte å leike med dyr, menneske og alt mulig. Og gjetarane kunne alltid fortelje noko nytt som Krishna hadde funne på når dei var ute og gjette. Då han vart større gjekk han sjølv ut for og gjete kyrne, og då hadde han alltid med seg fløyta si som han spelte på. Dei fleste andre gjetarane var kvinner, og dei var forelska i Krishna, men Krishna likte berre ein av dei. Han likte enda å erte folk, og av og til spelte han på fløyta slik at jentene følgde etter han, men han gjekk vidare i ring så dei til slutt ikkje fann han. Han erta dei også på andre måtar..

 

Krishna trudde ikkje på døden, han trudde at om han døydde kom han tilbake igjen i eit nytt liv. Han sa ein gong til søskenbarnet sitt, prinsen Ardsjuna :

<<Kloke ord du talar, men du sørgjer over noko du ikkje treng å sørgje over. Dei vise sørgjer korkje over døde eller levande>>