
Shiva er guden som øydeleg
verda. So skapar Brahma ho på ny. Ofte ser vi Shiva i ein ring med eld og kopar
slangar. Det er teikn som viser at han
er øydeleggaren. Shiva lev eit enkelt liv. Han vil ikkje leve i luksus. Som
klede har han berre eit tørkle, og håret er ruskete og langt. Han et berre når
han må.
Shiva
er og fruktbarheits guden. Mange barnelause ber til han for å få born.
Shiva
har ei kone som heiter Parvati. Ho er dotter av Himalaya guden, og bur i
Himalaya-fjella. Ho var forelska i Shiva, men han erta henne for den mørke
huda. Då vrengte ho av seg den mørke huda, og ho hadde heilt lys hud under den
mørke. Då gifta dei seg. Dei bur i ei hole oppe i Himalaya fjellet. Der har dei
det fint i lag.
Shiva
har ein okse som ridedyr. Han heiter Nandin. Nandin var ein gong ein mann som
tilbad Shiva. Han lova at han alltid skulle bære Shiva på sine skuldre. For at han skulle bli sterk nok til det, måtte han
bli ein okse.
Shiva
har eit tredje auge. Det kom fram ein gong han og Parvati var ute på tur. Parvati ville tulle litt med Shiva og tok hendene for auga
hans. Det ho ikkje visste, var at lyset til verda kom frå Shiva sine auge. Då
vaks det fram eit tredje auge. Viss det auge ikkje hadde kome fram, so hadde
verda gått under.
Sjølv
om Parvati og Shiva var lykkelege saman, vart Parvati veldig einsam når Shiva
var på reiser. Då skrapa ho av seg litt av huda si, og laga ein gut av huda. Han
heitte Ganesha. Då Shiva kom heim frå reisa si, stod Ganesha utanfor og passa
på at mora fekk fred når ho bada. Ganesha ville ikkje sleppe inn Shiva. Då blei
Shiva sint, og kappa hovudet av Ganesha. Då parvati såg dette, vart ho sint og
sa at Shiva måtte finne eit nytt hovudet til han. Shiva sa at han skulle ta
hovudet av den fyrste levande skapningen han møtte på. Og den fyrste var ein
elefant. Dermed fekk Ganesha eit elefanthovud. Det
viser at han er god til å forstå og å lytte.