Animasjon

 

Siste del av haustenarbeidde vi mykje med tema animasjon. 6. klasse var på todagers kurs saman med Synnøve, samstundes som vi brukte tid på skulen til å komponere små filmsnuttar.

På kurset vart det nytta flott utstyr med kamera og tilhøyrande Mac datamaskin. Der laga dei filmane ved å bruke figurar i plastelina som vart flytta litt for kvart bilete som vart tatt.

På skulen laga vi animasjon med vårt gamle Pc-utstyr. Bileta vart laga på datamaskina, kopiert og endra på grå bilete til bilete. Dette er tidkrevand arbeid, og ein må vere svært nøyaktig og tolmodig for å få godt resultat, noko elevane fekk erfare til gangs.

Her kan de få sjå noko av produksjonen:

Solbrillene

Rommet

Luft til ild

Natt i skogen

Terje Vigen

Aliens

 

http://www.digitaltklasserom.no/Websted/Filmer/Poster/2007/11/20_Dalsbygda_skule.html

 

Bileter frå kurset: