Roald Dahl vart fødd den 13.9.1916 i Llandaff i Wales. Han hadde vekst opp i Wales, men har norske foreldre. Dei heitte Harald Dahl og Sofie Magdalene Dahl.
Når han skreiv, sat han i ein stol som var uthula i ryggen. Det var fordi han hadde ein stor kul i ryggen. Hann hadde laga til stolen sjølv. Han hadde og skrudd på ei plate som han hadde papira sine på når han skreiv.
Roald Dahl sine bøker er fantasifulle og spennande. Dei handlar mest om barn som har mista foreldre eller har dårlege foreldre eller berre far eller mor. Han skriv mykje om det fordi han hadde ein vanskeleg barndom. Det er blitt laga film av mange av bøkene hans.
Då Roald var 4 år gammal, døyde systera hans, Astrid, av blindtarmsbetennelse.
Ein månad seinare døydde far hans av lungebetennelse. Då var faren 57 år. Roald og mora blei att i Storbritannia. Faren ville at ungane skulle få god utdanning, og i Storbritannia var dei beste skulane.
Den første skulen Roald gjekk på var Llandaff Chatedral School. Ein gong då han var åtte år, hadde han, og fire andre vener, straffa med ”spanskrør”. Det var ein stokk som rektoren brukte, når ungane hadde vert slemme.
Det Roald og vennene hans hadde gjort, var å legge ei dø mus i ei krukke med godterier. Dette hadde hendt i ein butikk som vart eigd av ei slem, gammel dame som blei kalla for Mrs. Pretchett.
Etter det blei han sendt til fleire kostskula. Det syntest han var ubehageleg. For han fekk heimlengsel. Han skreiv mykje til sin mor. Han sa alltid at han hadde det fint, men det var ikkje sant.
Då mora døydde, fant han ut at ho hadde tatt vare p alle breva han hadde sendt til ho.
Roald Dahls
bøker: