Uteleik

 

- i skogen og

på Plassen vår 

 

 

Vi liker å vere ute i skogen. Vi har ein liten skog i uteområdet i barnehagen, og vi bruker å gå ein tur langs gamlevegen opp til ei lita slette vi kallerPlasssen vår”

Der er vi nesten ein gong i veka. Vi leiker mykje artig der. No har vi leika troll ei periode.

Då finn oss på trolle-namn til kvar enkelt, og vi lagar oss små ”hus” t.d. under tre, bak ein stein, og bak eine-busker. Vi går på bjønna-jakt, og vi spidder bjønna-kjøt på bålet.

   

 

Oss brukar å ha med nista vår, og varm drikke, slik at vi kan vere oppe der i fleire timar. Vi  skal snart ha med pølser som oss skal spidde , og ha på heimlaga pølsebrød.

 

Vi bruker å ha samlingstund  oppe der og. Ein gong var kråka Knas med og. Ho fortalde oss litt om kva som skjer med kråkene og andre fuglar om våren.

 

Andre gonger går oss opp til ”Kvilesteinen”. Der kan oss kvile oss på nokre store steinar. Trimgruppa har lagt ut ei bok som oss skriv oss inn i.