Juledagar
på Paktarstova
- infobrev til elevar og foreldre –

Måndag
og tysdag i veke 51 skal alle elevane på Dalsbygda skule tilbringe dagen på
Paktarstova. Elevane møter der klokka 08.30, og avsluttar også dagen der framme
klokka 14.00. Elevane som startar dagen på SFO, vil få skyss fram og tilbake.
Nokre av aktivtetane blir:
*
Juleforteljing
*
Musikk og song
*
Juleverkstad
*
Aktivitetar ute
*
Ut på tur i skog og mark
*
Mat og drikke
Ut frå aktivitetane ser de at elevane må ha med seg;
*
Godt med uteklede og sko/støvlar til å gå i terrenget med.
*
Tjukkeraggar (for golvkalde rom inne)
*
Nistemat, gjerne termos med varm drikke.
*
3 syltetyglas kvar til å måle på.
Elles
godt humør til å skape ei triveleg førjulsstemning med!
Vel møtt til trivelege juledagar på Paktarstova!
Helsing
lærarane 