Tur til sjøen, og generelt om mat i barnehagen

 

Vi har i høve fagområde ”Natur, miljø og teknikk”  har oss vore på tur til sjøen , der oss  wokka  ein grønsak -pølse- rett.

Vi har tilgang til å nytte ilag med skulen eit steike og kokeutstyr som er tilpassa ute bruk. Vi laga eit lite bål nede i fjøresteinene og vi hadde med oss utstyr så vi fekk skjere opp grønsakane og pølsene. Vi var veldig spent på om det var godt. Alle åt i alle fall ein porsjon.

 

Dalsbygda barnehage har lenge fokusert på eit godt kosthald i  barnehagen. Borna får vere med å lage forskjelleg sunn mat, og vi ser at terskelen for å smake på ”ny” mat er ganske lav i barnehagen. Spesielt når ein er med å lagar maten sjølv.

Ved å lage enkle smårettar, baking av brød og rundstykke, vil vi vise at vi kan ete god og næringsrik mat utan å måtte nytte sukker eller ha sukkerhaldig pålegg .