Kosedyrfest
Ein
til to gonger i året har vi kosedyrfest i barnehagen. Dette fordi borna skal få
ha med seg noko som er sitt i barnehagen . Det er stas å få vise fram til dei
hine sitt eige kosedyr. Vi samtaler, leiker og lager kosedyrbollar.
Det
er veldig kjekt å leike gøyme å leite med mange kosedyr. Likedan
går det an å ha med kosedyra på
dramatiseringar. Vi las om Lisen som ikkje fekk sove. Det passa veldig bra å
dramatisere etterpå for vi hadde flust med kosedyr vi kunne bruke:
Lisen får ikkje sove, -ho roper på mamma som må hente bamsen. Ho får ikkje sove
no heller så ho roper på mamma som må hente harepusen-osv…
Kosedyrbollane
brukar å vere både fine og gode. Det er kjekt å finne den som ein sjølv har
laga. Nam, nam..







