Morgonsamling, Nissemars og julegraut

Bålet laga ei fin ramme om morgonsamlinga på tirsdagsmorgonen. Ein etter ein dukka det opp små nissar på veg til aktivitetsdag på skulen. Alle samla seg om bålet, fekk servert varm gløgg, og deltok ivrig på songøvinga som Kari Elisabet drog i gong.

Etter ei god økt ut på samlingsplassen stod det pynting på programmet. På grendahustrappa vart granbar, einer, og kristorn fint samanbunta. Raud sløyfe vart knytt på og heile ”stasen” plassert på stolpar og vegg ved inngangspartiet.

Vel ferdige med utepynten var det strake vegen inn på klasseromma for å lage julepynt av diverse papir. Store flott julestjerner og ”snøkrystallar” vart produsert på rekke og rad. Dette skal få lov til å pynte opp i vindauga på skulen og i barnehagen i tida fram mot juleferien.

Etter ei kort matøkt og litt rydding var det på med nissehua og gode varme ullgenserar. Turen gjekk til eldrebustadane og til butikken. Her framførte vi fleire julesongar for eit takksamt publikum. Som takk vanke det både twist og mandarinar. Det var godt å ha som ballast på vegen opp att til skulen.

Allereie på god avstand kjende vi grutlukta frå grytene til Elisabeth og Berit. Risengrunsgrauten smaka som vanleg svært godt, og for nokre heldige mandel-finnarar, vart det ei ekstra lita gåve.

Nissen dukka og opp under grautmåltidet. Han var komen uta ytre søre og var lei all fisken. No var han på jakt etter skikkeleg spekemor til Jul. Sekken hans var full av mandarinar, og det var ingen som syntest det var nokon grunn til at han skulle måtte ta dei med seg vidare på turen. Han lov også å kome att på julaftan dersom vi greidde å oppføre oss rimeleg bra resten av dagane fram mot Jul.

Før vi avslutta skuledagen var det på tide med medalje for alle som gjennomførte ”Nissemarsjen” – alt i alt ein flott dag.