GOD JUL  OG GODT NYTT ÅR !

 

Siste dagane har vi vore i full sving med å avrunde første del av skuleåret. Vi har hatt ein fin haust med mange gode opplevingar på skulen og i barnehagen. Borna har vist mange positive sider, og no inn mot juletida er det særleg dei musikalske ferdigheitene som imponerer. For dei som vil oppleve noko av det denne flotte gjengen har øvd inn saman med musikksjef Kari, så er det berre å stille opp på juletrefest tredje dag jul. Under her kan de studere bileter frå siste dagane på skulen og barnehagen i 2009.

 

Då ønskjer vi alle ei retteleg GOD JUL og eit feiande fint NYTT ÅR !!