Å byggje og balansere

 

På klasserommet til 3. og 4. klasse finn vi ein gjeng med travle byggjekunstnarar. Temaet er for tida svært praktisk tilrettelagt, og gruppene diskuterar oppgåvene med klare meiningar. Alle har allereie laga sin eigen ”Balanso”. På ei oppspent line i klasserommet vert dei ulike ”Balansoane” plassert med ivrige hender. Vil Balanso dette ned, eller har vi vore nøyaktige nok, slik at  linedansaren held seg oppe på lina. Øvinga viser prinsippet med likevekt.

 

No er gruppene godt i gang med å byggje bruer. Her vert ulike former i papir testa ut for å finne ut kva som gjev best styrke. Det er overraskande kor mykje forma på papiret har å seie for toleevna til papirbrua. Treklossar vert brukt som vekt, og til meir brua toler til høgare vert lydnivået i  gruppene.

 

Bogebrua, med prinsipp frå dei gamle steinbruene i området vårt, er neste oppgåve. Her vert det brukt treklossar i staden for store steinblokker. Brubyggjarkunsten er ikkje berre enkel, og det må litt hjelp til for å eit godt resultat. Men til slutt har vi  byggverk ferdig som kan tole både stort trykk, og som har plass nok under til at ei flaumstor elv kan få plass til å fosse gjennom.