Skidag på Lilleåsen:

 

 

 

 

Kl 8:45 på ein Onsdags morgon køyrde bussen frå Dalsbygda skule, oss skulle nemleg til Lilleåsen.

 

 Oss festa skia på føtene når oss kom opp og staka opp til hytta. Eg og Håkon fekk eit viktig oppdrag når oss kom opp, nemleg å lage stikke bane. Håkon laga hol med drillen, medan eg fylde dei med stikker. I mellomtida hadde sjølvsagt dei andre sprinta inn på myra å byrja med skileik.

Då oss endeleg hadde kome oss ut av Petters jerngrep venta skileik med heile skulen og Barnehagen på myra. Det var ein ganske enkel leik der oss berre kasta ein terning og skulle finne talet oss fekk av den. Oss vann ikkje nokon gong, men Johanna smilte likevel.

 

Ikkje lenge etterpå var det matpause. Mange gjekk opp slalåmbakken  for å ake ned att, eg gjekk opp fleire gonger og vart ganske mør i baken. Etter matpausen fortsetta det med ski og atter ski, ikkje så rart kanskje. Oss vart tvinga til å ta ein runde nede på myra  for og skrive seg inn i trimposten. Når oss kom att på hytta var det nokså fritt, og mange prøvde ut snowboard ved hytta. Det var mange fall før bussen kom att, og vi byrja ferda  heim.