|

|
Tidenes karneval
Fredag før vinterferien vart det på tradisjonell måte arrangert
Karneval for heile skulen og barnehagen. I år var det 5.-7.klasse som hadde
regien på det heile. Og etter planlegginga og gjennomføringa var dei einige
om at dette måtte vere tidenes karneval. Mange fine, skumle og rare
personar møtte fram, det vart ulike programinnslag og god pizza og
fastelavnsbolle fekk alle smake. Til slutt fekk dei også hol på pinjataen –
og gode sjokoladar ramla ut!.
Her
kan du sjå mange fleire bilete
|
|

|
Overnattingstur til
Rellingsetra
Ved fullmåne i
overgangen mellom januar og februar tok dei fem eldste og sportye elevane
på skulen turen til Rellingsetra på ski. Gjengen gjekk fram i kaldt finever
søndags ettermiddag, fekk fyrt opp i hytta og kosa seg utover kvelden med
middag, kortspel og pølsegrilling. 1.februar møtte oss med godt finever og
vi fekk gløtt av sol. Då vart det sporleiting og førstehjelpsøving med
sårbehandling og spjelking av fot, samt frakting av medelev på sjølvlaga
slede.
Sjå
fleire bilete her
|
|

|
Haiti-kafe
Tysdag 16.02 hadde vi
Haiti-kafe på biblioteket i Norddal.
Elevane i 3. og 4. klasse ville
gjerne vere med å samle inn pengar til dei som har det så trasig på Haiti.
På ettermiddagen tirsdag var det råd å få kjøpe seg vaflar, bringebærsaft,
kaffi, muffins i fleire variantar, og ikkje minst avisa ”Skulenytt”, som vi
har laga som norskprosjekt siste månadane.
Elevane baud og på
underhaldning. Geir Lystrup sin song ”Haiti” er laga i høve katastrofen, og
……..
Sjå meir
|
|

|
Skulenytt
Her kan du få lese avisa ”Skulenytt”, som
3.-4. klasse har laga gjennom dei siste månadane. Avisa kom ut til
innsamlingsaksjonen vår for Haiti, og salget av denne gav mange kroner til
dei som kjempar for livet på andre sida av verda.
Les ”Skulenytt”
her
|
|

|
Full
fart i akebakken !
Endeleg nok snø til å kaste seg ut frå
alle bakketoppar. Elevane og borne i barnehagen nyt vinteren og dei
aktivitetane som byr seg med rikeleg med snø. Kvart friminutt stormar dei
ut med akebrett og rompebrett i hendene. Alle bakkane i skuleområdet vert
utforska, og det ikkje vanskeleg for dei minste å vere med i leiken. Måtte
vi berre få behalde snøen ei stund til
………..
Sjå meir
|
|

|
Å
byggje og balansere
På
klasserommet til 3. og 4. klasse finn vi ein gjeng med travle byggjekunstnarar.
Temaet er for tida svært praktisk tilrettelagt, og gruppene diskuterar
oppgåvene med klare meiningar. Alle har allereie laga sin eigen ”Balanso”.
På ei oppspent line i klasserommet vert dei ulike ”Balansoane” plassert med
ivrige hender. Vil Balanso dette ned, eller har vi vore nøyaktige nok, slik
at linedansaren held seg oppe på
lina. Øvinga viser prinsippet med likevekt.
Les
meir …..
|
|

|
Foto i skulen.
Foto har vore eit prosjekt i kunst og handverkstimane i
haust.
I om lag 10-12 skuletimar har vi halde på med ulike ting.
Vi har teke bilete og redigert dei. Alle elevane prøvde å
ta bilete av kvarandre. Vi la bileta på data og redigerte dei og beskjærte dei.
Vi brukte programmet Microsoft
Office Picture manager. ……
Les meir
|
|

|
Kjende
bygningar i Egypt
5.klasse har i haust jobba med temaet ”Livet langs dei
store elvane”, både i Egypt og Mesoptamia. Då lærte vi også om store og
flotte bygningar som egyptarane og deira faraoar bygde til ære for gudane
sine. Her kan du sjå to powerpoint
presentasjonar som dei gutane i 5.klasse har laga.
Den
mystiske sfinksen
Karnaktempelet
|
|

|
Ville dyr
I naturfag har vi hatt om temaet høge fjell og vide vidder.
Då valde vi oss nokre fjelldyr som vi skulle lære meir om og skrive om.
Kristine valde jerv, Anne Maria valde fjellrev og Aslaug Elise valde
skogshare.
Her kan du sjå på powerpointane våre.
Jerv
Skogshare
Fjellreven
|
|

|
Haust på
skulen
September månad er tid for innhausting av bær, frukt og
anna godt. Skuleelevane har vore og plukka bær i skogen, dei har plukka
epler på Ekra, og dei har vore ved sjøen for å studer tang og tare.
Fotografen følgjer som regel tett i fotefara til desse
ivrige studentane, og om du er interessert, kan du få studere dei litt
nærmare ved å følgejer linkane under her.
Ved fjorden,
5-7 klasse
Eplesuppe, 3-4
klasse
|
|

|
Kosedyra
i barnehagen
Mange trivelege dyr og barn og dyr i barnehagen. Her kan
du få sjå kva som er favorittkosedyra til dei minste i barnehagen
Sjå bilete
|
|

|
Velkomen til nytt skuleår
!
Vi er godt i gang med nye lekser og hardt slit. Men kanskje
vert det nokre fine turar ut i skog og mark denne hausten og.
1. og 2. klasse har akkurat kome inn dørene med dei første
spannene med blåbær, og smaken var minst like god som den i fjor.
Skulen vår har fått ny farge i sommar, idrettsbana vert
grusa opp att og leikeapparata skal etter kvart kome på plass på
skuleområdet. Dette vert bra det
……………….. !
|
|

|
Mange nye tekstar og reportasjar på elevane sine eigne
sider. Spennande saker, ta ein titt ...
Elevsidene
|
|

|
Nytt frå Steinar: J
Eg har laga nokre artiklar om ting som skjer på skulen og
ting som interesserar meg.
Her kan du lese dei:
Barcelona-Manchester
U 2-0
På besøk i
Eidsdalen.
Eg og Mark
Knophler.
|
|

|
Fugleliv
Om våren blir det atter mykje liv og røre i skog og mark,
ved sjøen og i trea rundt skulen. Dette har 3. og 4.klassingane lagt merke
til. Frå klasseromsvindauget har dei sett og høyrt korleis fuglane syng og
byggjer reir. Det har inspirert elevane (og læraren) til å finne ut litt
meir om ulike fugleartar, kvar dei heldt til og korleis dei ser ut. Elevane
har brukt både internett, fuglebøker og eigne observasjonar når dei har
skrive tekstane sine. Du lese meir om kva dei har funne ut og sjå fine
teiknar her.
Linerla Gauken
Gråhegre Tjelden
Gulspurv Fossekallen
Hettemåse Knoppsvane
|
|

|
Kva slags
person likar du best og kvifor?
Vi skal
spørje Maria, Lovise, Sara, Emilie, Jenny, Arne, Mari og Per Monrad om
kvaslags person dei likar best. Eg og Markus tok oss ein tur til naboane
3-4 kl. her kan du sjå kva dei svarte.
Les meir her
|
|

|
Animasjonskurs
Torsdag den 5.mars skulle vi i 4.klasse
på animasjonskurs i Valldal, i lag med 4.klassingar frå Eidsdal og Valldal.
Første dagen blei oss godt tatt imot. Linda Wintervold er verkstadleiar.
Kine Aune er filmskapar. Dei skulle lære oss å lage film. Heile tre dagar
skulle vi bruke på å lære korleis vi laga animasjonar……
Les meir her
|
|

|
Rapport
frå Eidsdalstur
Den 5.
mars tok oss på Dalsbygda skule ein tur til Eidsdal for å sjå og studere
kraftverket, fellesfjøsen, og grisefjøsen på Veiberg.
Vi byrja
turen på skulen der oss tok buss til Eidsdalen, sjåfør Asbjørn Arseth sørga
for at oss kom oss vel fram til første stopp, Veiberg. Der fekk oss på oss
fjøsklede, og med Jan Trygve som guide tusla oss inn i grisefjøsen. Det vi
oppdaga nokså brennkvikt, var att det ikkje lukta så veldig parfymeaktigt
der. Det var meir ei råtten blanding av potetgulldip og ……….
Torer du
lese meir av denne og fleire andre elevtekstar så trykk HER ..…
|
|

|
Skidag
onsdag 25.mars
Kl 8:45
på ein Onsdags morgon køyrde bussen frå Dalsbygda skule, oss skulle nemleg
til Lilleåsen.
Oss festa
skia på føtene når oss kom opp og staka opp til hytta.
Eg og
Håkon fekk eit viktig oppdrag når oss kom ……
Les meir
|
|

|
Rapport
om smågrisane
Tidleg om
morgonen kom det ein buss til Dalsbygda skule og barnehage for å hente 12
elevar inkludert 2 lærarar. Klokka var 08.50 da den begynte å køyre mot
Eidsdalen. Første stopp var grisefjøsen til Jan Trygve.
Han haldt på å bygge ut fjøsen so det var
ein del arbeid på gang. Først gjekk vi og såg på dei største ”purkene” i
heile fjøsen. Den største grisen i heile fjøsen var over 200kg. Vi fekk sjå
på når dei fekk mat, det var litt kjekt å sjå på fordi dei moste seg vei
for å få tak i den deilige blandinga av sjokoladepudding og
vaniljesaus. …..
Les meir …
|
|

|
Historier
Her
legger vi ut historier og tekstar som vi elevane på Dalsbygda skule har
skreve.
Vi skriv både på skulen og heime på
historiene.
For det
meste skriv vi historier i norsk, men av og til i engelsk og.
Studer historiene her ….
|
|

|
Karnevalstider
Torsdag
12.februar var 3.-7.klasse samla for å førebu karnevalsfeiringa for skulen
og barnehagen. Elevane baka gode bollar til festen, skreiv morosame
forteljingar om karneval og planla aktivitetar. I tillegg fekk dei prøve
seg som sminkørar. Mange nye og flotte ansikt kom til syne i løpet av
dagen!
Sminke
Bake
Skrive
Program for karnevalsdagen
|
|

|
På samisk
vis
Siste
torsdagen i januar brukte vi til å sette fokus på samiske tradisjonar og
levevis. I vårt nærområde har vi laga oss gapahuk, og denne vart no nytta
som base for aktivitetane. Vi starta med å, sette opp lavvoen vår, og gjekk
deretter i gang med å lage leirplass.
Les meir og sjå bilete her
|
|

|
Juleevangeliet
i kyrkja
Fredag
vart skulehalvåret avslutta med den tradisjonelle julegudstenesta for born
og vaksne i Eidsdal og Norddal. Då fekk 1.-4.klasse ved Dalsbygda skule høve
til å vise fram julespelet som dei hadde øvd på. To av elevane las
juleevangeliet medan dei andre elleve framførte dramatiseringa. Elles var
det mykje fin song, opplesing fint spel av elevar på begge skulane.
Fleire bilete
|
|

|
Nissemarsj
Tysdag
den 16. desember vart det gått nissemarsj i Norddal. Elevane i 1.-4.klasse
marsjerte først ned til aldersbustaden og song julesongar for dei som budde
der. Sidan vart det song for dei som oppheldt seg på Buda, og andre eldre
og yngre som var heime. Mange vart overraska og glade for å få fin julesong
rett i fanget når dei opna døra. Etter endt innsats vart det god julegraut
med mandel i på skulen.
Bilete frå marsjen
|
|

|
Juletankar
Borna i
småskulen er i full sving med å førebu Jula. Då passar det godt å skrive
ned tankar omkring det som er i vente. Det er ikkje lett å skulle lære både
og skriv og bruke datamaskin samtidig, men det ser ut til at desse elevane
har taket på det. Studer meir om:
Advent
Jul
|
|

|
”Grøn
pakt”
Saman med
kunstnarane Ottar Andre Andersson, Marit Moltu, Liv K. Dysthe Sønderland og
stiftinga Paktarstova, har vi på skulen fått vore med på eit annleis prosjekt no i haust.
Skulen og
prosjektleiinga har gitt kunstnarane frie taumar, men det skal handle om
verdsarv, og dei skal røre ved elevane. Kunstnarar ser gjerne på ting med
heilt andre auger enn oss ”vanlege”, og det er vel akkurat denne spanande
og uvande måten å ta tak i temaet verdsarv som har gitt oss noko ekstra no
i haust.
Elevane i
storskulen har ...........
Les meir
|
|

|
På besøk
i Melchiorgarden
Sju glade
og fornøgde elevar fekk denne veka nærkontakt og kos med høner og geiter i
Melchiorgarden. Torunn tok godt imot oss, og svarte velviljug på alle store
og små spørsmål om livet til dyra på garden. Attpåtil fekk vi servering av
heimelaga mat i mjølkeromsrestauranten.
|
|

|
Skulecupen
i friidrett
Sist veke
vart semifinalen i skulecupen i friidrett for søre luten av fylket vårt
arrangert i Sykkylven. Teknisk arrangør var idrettslina ved Stranda
vidaregåande skule.
Det vart konkurrert
i øvingane kule, lengdehopp og 40 meter, med deltakarar frå 6. til og med
10.klasse. Dei tre beste i kvar øving på kvart klassesteg er kvalifisert
til finalen som går i Molde på vårparten. Dit kjem også dei tre beste frå
semifinalen for utøvarane nord for Romsdalsfjorden som vart arrangert i
Tingvoll.
Les om våre deltakarar
|
|

|
VerdsarvprosjektetT
Dei sju
eldste elevane på Dalsbygda skule er med på prosjektet. Vi kallar oss
”verdsarvingane”.
Første
samlinga laga vi benkar og måla dei. Andre samlinga laga vi eit ”ullrom”
der ulltrådane vart forma som eit severdigheitsteikn rundt steinsøyler
…… les meir
|
|

|
Forutkafe på Grendahuset
Barnehagen
og småskulen inviterte til kafe for å samle inn pengar til Forutaksjonen.
Dette har vorte ein koseleg tradisjon. Det er høve til å kjøpe ulike varer,
få seg ein kopp kaffi og noko godt attåt, og ikkje minst få høyre litt om kva
dei innsamla pengane skal brukast til
Sjå
bileter frå Grendahuset
|
|

|
Blåbærtur
På tur
med 3-7 klasse til Insetsetra og flotte blåbærtuer. Vi fann rikeleg, så vi har
fått laga god blåbærsylte. Smaka den på pannekaker har vi også gjort.
GODE
GREIER!
Sjå meir frå turen
|
|

|
Bokstavkjeks
Glade
småskuleelevar hadde hendene fulle med deig og former då vi smatt forbi med
kamera. Mange flotte bokstavar vart til i norsktimen, og jammen var smaken
av det ypparste slaget og !
Sjå bilete frå ”Bakstestovå”
|
|

|
Geometriske former
Det er
ikkje berre i kunst og handverk at det blir jobba med geometriske former. Også
i matematikk har elevane i 4.klasse hatt gåande eit prosjekt der dei skulle
byggje eit slott sett saman av ulike tredimensjonale figurar. Her vart det
nytta ulike esker, dorullar og mjølkekartongar, og resultatet kan du sjå
under.
Slott 1 Slott
2
|
|
|
Husbygging
I
kunst og handverk har 3.-4.klasse jobba med geometriske former og hus.
Elevane skulle øve seg på å skildre ulike former, for deretter å lage
formene i papp og setje dei saman til det huset dei hadde valt seg. Det såg
ut som dette var både kjekt og utfordrande, for ivrige var dei………
Les meir her …
|
|

|
NYSGJERRIGPER
Prosjekt 1: Kvifor likar vaksne kaffi betre enn det
born gjer ?
Hei,
dette handlar mest om kaffi. Vi i 5-7 kl. på Dalsbygda Skule arbeider med
eit Nysgjerrigper prosjekt. Der spør vi ”kvifor -spørsmål”, og skal prøve
og finne svaret på dette: Kvifor
likar vaksne kaffi betre enn det ungar gjer?
Les meir her….
Prosjekt
2: Kvifor flyt store båtar, når små skruar sekk ?
|
|

|
The
happy kids
The
7th class has written a project about the kids in Norddal. Here you can read
about what the kids like to do, and their wishes.
You
can also read about our world heritage, and the school.
Read
more here ….
|
|

|
Tur
til Aker Yards
5-7kl
drog til Tomrefjorden fordi vi hadde
eit nysgjerrigper-prosjektet: ”Kvifor kan store båtar flyte og ikkje
små skruar”. Dette har vi
halde på med heile våren, ein time pr. veke, og no var tida komen for å finne eit
endeleg svar. Vi reiste med skulebussen, fergje til Linge, Og så køyrde vi
heilt til Tomrefjorden med bil.
Les
meir her
|
|

|
Dugnadsånda
på topp
Tysdag
3.juni var det dugnad på uteområdet til Dalsbygda skule og barnehage.
Arbeidsiveren viste seg å vere på topp. Både foreldre, born og lærarar
hadde møtt opp for å gjere ein innsats for vårt nye aktivitetsområde.
Meir
om prosjektet
Bilete
med tekst
|
|

|
Utedag
i fjøra
Den
13.05.08 var 5.-7. på ute dag ved fjøra. Vi brukte dei fire siste timane. 7
kl. laga oppgåvehefter, og planla dagen. Vi hadde og planlagt eit måltid.
Her kan du lese tre forskjellige rapportar frå dagen.
Les
rapportar ….
|
|

|
Tur
til Ytste Skotet
Då
nærmar det seg tur til Ytste Skotet for 5. – 7. klasse. Denne er planlagt
til veke 23, 02.– 04. juni.
Marit
Helen Akslen er ansvarleg for opplegget der ute. Petter skal vere med som
kontaktlærar, men det er også høve for foreldre / besteforeldre til å vere
med på heile, eller deler av opplegget. Vi kan sjølvsagt ikkje stille med
fleire vaksne enn born, så førstemann til mølla ……….
Les meir
|
|

|
Vi
lagar gapahuk
Som
ein del av undervisninga i kunst og handverk har vi siste del av året valgt
å arbeide med uteområdet på skulen. Planar for korleis vi kan utnytte
skogen og terrenget ved skulen til aktivitetar og leikeområde er klare, og
no set vi i gang med å lage dette til. Dei første timane har vi brukt til å
rydde vekk ein del skog, og samtidig bygg vi opp ein gapahuk av ........
Les og sjå ...
|
|

|
Hopp
for hjertet, er bodskapet i oppfordringa frå Nasjonalforeninga til norske skulebarn. Heile 90 000 elevar
deltek i Petter Puls sin hoppetaukonkurranse fra 14. til 25. april.
Og
på Dalsbygda skule og barnehage hoppar vi dagen lang …
Les
og sjå ..
|
|

|
Karnevalstid
Det
tradisjonelle karnevalet for skule
og barnehage gjekk av stabelen på
skotårsdagen fredag 29. februar.
Dansar
og leikar,Polonese, dei eldste elevane går først og saman med ungane i
barnehagen. Eg gjekk meg over sjø og land. Lytt og løp, fem grupper kvar
sin ring på ……
Les og sjå bileter
|
|

|
Full
fart i skisporet
I
perioden mellom vinter- og påskeferie prøver vi å utnytte det flotte
skiterrenget på Lilleåsen. Idrettslaget stiller opp med trakkemaskin, og
foreldra hjelper oss å køyre elevane til og frå. Onsdag 5. mars legg både
barnehagen og skulen i veg for å avvikle den tradisjonelle ”Skidagen”.
Her
vert det opplegg med skiorientering,
natursti, skiskyting og skileik i mange former. Vi skal ……
Les meir og sjå bileter
|
|

|
Ut
i universet
I
perioden frå etter nyttår og fram til vinterferien har 3. og 4. klasse vore
på ”reise” i verdsrommet. I faga kunst og handverk, naturfag og norsk har
elevane høyrt om Svein og Rotta i verdsrommet, lært om og arbeidd med
planetane, vove ei sol, måla eit bilete og lært om og laga nokre
stjernebilete. Nokre har også skrive
......
Les og lær meir
|
|
|
|
|

|
Animasjon
Siste
del av haustenarbeidde vi mykje med tema animasjon. 6. klasse var på todagers
kurs saman med Synnøve, samstundes som vi brukte tid på skulen til å
komponere små filmsnuttar.
På
kurset vart det nytta flott utstyr med kamera og tilhøyrande Mac
datamaskin. Der laga dei filmane ved å bruke figurar i plastelina som vart
flytta litt for kvart bilete som vart tatt.
Les meir, og sjå animasjonane
|
|
2008
|
2008
|
|

|
Vi
ønskjer alle ei god Jul og eitt godt nytt år !
|
|

|
Nissefest
Onsdag
var det tid for avslutningfest både i skulen og barnehagen. Mykje godt
program, der dei eldste elevane presenterte prosjektet sitt om Edvad Grieg.
Elles var det både skodespel, dans, song og dramatisering på høgt nivå.
God
graut vart det i rikeleg mengde både for liten og stor, og sjølvsagt kom
nissen ...
Sjå bileter
|
|

|
Juleverkstad
Mandag
og tirsdag i veka før Jul har vi hatt juleverkstad for heile skulen. Elevane har arbeidd i aldersblanda
grupper, og vore innom både baking, trearbeid og ulike teknikkar med papir
og ull.
Stor
aktivitet og mange pakkar til å putte under juletreet. ...........vi seier
ikkje meir .
Sjå bileter
|
|

|
Trearbeid
Mykje
spennande på kunst og handverksfronten no i haust. Saman med Synnøve har
elevane utfalda seg på mange områder. Her kan du sjå biletet frå arbeid med
tre. Kunstverk til å plassere gryter og varme panner på er gode å ha no i
juletida. Det same kan ein seie om trehyller til å plassere verdifulle
bileter eller sminkesaker i.
Sjå bileter
|
|

|
Modige
oppdagarar, gamle kulturar...
Her
kan du få sjå kva vi har funne ut om dei store europeiske oppdagarane og deira
strabasar på ukjende farvatn. Du finn og stoff om gamle kulturar og deira
kamp mot dei same oppdagarane
Vasco da Gama Aztekarane
.....og
spennande bøker
Vi
har tatt føre oss Roald Dahl og du finn nokre bokmeldingar samt biografiar
på dei neste ”klikka”
Roald Dahl ”Heksene”
”Matilda” "Georgs magiske medisin”
|
|

|
Litt
av kvart
I
haust har det vore mange aktivitetar som du kan få kike nærare på om du tar
deg tid til å sjå her:
”Bokfest” - vi avslutta leseprosjektet med
underhaldning og bokkake
”SFO” -
ein fin plass å vere når skuledagen er slutt
”Sopp” -
vel heimattkomne frå skogstur vart det soppstuing på skulekjøkkenet
|
|

|
Hinduismen
”Dei
viktigaste gudane i hinduismen er Vishnu, Shiva og Brahma. Brahma skaper verda,
Vishnu held ho oppe, og Shiva øydelegg ho, og så skaper Brahma verda på
nytt, og slik held dei på.”
Dette
er innleiinga som 7. klasse bruker når dei presenterer Hinduismen her på
skulesidene. Du kan lære meir om du klikkar deg vidare frå HER
|
|


|
Leselystaksjonen
er i full gang
Også
i år brukar vi tid på aksjon leselyst. Elevane har avsett tid til å lese
skjønnlitteratur både på skulen og heime.
Det
er ulike opplegg for dei to trinna på skulen vår:
Aksjon
Lesekompis: 1. - 4. trinn
Kvar
klasse/gruppe får ein stor sirkusplakat. Her skal elevane feste
klistremerker med motiv av Lesehesten,
Bokormen, Lesepiraten, Lesehornet og Leseløven.
Aksjon
Lesereisen: 5. - 7. trinn
Denne
hausten skal elevane lese seg Europa rundt. Kvar klasse/gruppe får eit
stort Europakart der dei kan følgje med på reisa. Elevane skal besøke åtte
land, og i kvart land får dei ei litterær oppgåve.
Les meir
|
|

|
Nye
kameratar
Då
er det ikkje lenger tid for seine kveldar og lang frokost. I skulen og
barnehagen er det på nytt full fart med leik og læring. Nokre har tatt
steget frå barnehageavdelinga og ned i kjellaren, der bøker og skrivesaker
er gromme greier den første tida. Då er det likevel godt å kunne ta seg ein
tur å helse på barnehagegjengen og få ”låne” litt leiker.
Utover
hausten vil vi som vanleg prøve å fore lesarane med reportasjar frå
kvardagen vår - .... men ting tar tid, så de får ha tolemod enn så
lenge....
Litt fleire bileter her
|
|

|
”Jugendstil”.
Som
ein del av kunst og handverk har vi arbeida med temaet ”Jugendstil”. Vi
avslutta emnet med ein tur til Ålesund for å studere arkitektur og lære
meir om oppattbygginga av byen etter brannen i 1904. Inntrykka er festa
både til film og bileter, og ikkje minst har elevane skreve sine rapportar
frå turen.
Her kan du lese kva dei opplevde:
|
|

|
5.
– 7. klasse til Jungendbyen
Les
meir om programmet her
|
|

|
Skidag
for skulen og barnehagen på onsdag 21. mars
Sjå
program for skidag her
|
|

|
Mitt
prosjekt
Elevane
i 5.-7. klasse har arbeidd med sitt eige prosjekt no i månadsskiftet
februar – mars. Dei har sjølve valt eit tema som dei ville undersøkje og
presentere for alle oss andre. For å lære seg å arbeide med heimesider, har
alle måtta brukt dette som presentasjonsform..
Her er resultatet
|
|

|
Prosesskriving
6.
og 7. klasse har brukt mykje av norsktimane etter jul til prosesskriving.
Dette er ein måte å arbeide på som vert forklart slik i læreplanane:
Les her
|
|

|
Full fart på ski ( sjå på oss då vel)
Onsdag
28 feb. hadde vi vår andre skitur på Lilleåsen med skåskulen. Det er ein ivrig
gjeng som kastar seg ut i både slalom, langrenn og skileikaktivitetar.
Dei
komande vekene vert det storskulen som skal teste ut skiferdigheitene. Dei
skal mellom anna gå ein lengre tur, overnatte på Rellingsetra, og ikkje
minst vere med å planlegge den årlege felles skidagen for skulen og
barnehagen.
Program for skiaktivitet
|
|

|
Karneval
Fredag
16. feb. var heile flokken samla til karneval i gymsalen. Mange flotte
kostymer og ivrige krabatar over alt å sjå. Presten hadde med seg eit stort
brurefylgje, og vi måtte både ut i marsj og brudevals. Kokken hadde stelt i
stand godsaker til alle som kom forbi, og katten som hang i taket fekk seg
nokre velfortente dask over rompa – Dermed hagle det med søtsaker utover
karnevalsdeltakarane. Og det hadde ingen noko imot …….
Sjå bileter
|
|

|
TUR TIL TUNGA
Sidan
vi arbeider med metall og bergartar som tema i fleire fag for tida, passa
det godt med ei lita utflukt. Vi tok oss ein spasertur til Tunga, for å sjå
korleis Harald arbeider i smia si. På vegen opp var vi innom olivintunellen
på Flata, og når vi likevel var på Tunga tok vi oss ein tur innom
geitefjøsen til Stein Harald. Vi avslutta ei flott økt med å sjå på ein del
av måleria som Harald har laga. Han kan litt av kvart den karen …. ( bileter )
|